1. juni vert det fotballfest med Champions League-finale i Oseana. Vertar er Fjordfolk og Oseana.
1. juni vert det fotballfest med Champions League-finale i Oseana. Vertar er Fjordfolk og Oseana.

Inviterer til Champions League-fest i Oseana

Med egen build up før kamp, lokalt panel og Fifa-turnering, inviterer Fjordfolk og Oseana til Champions League-fest og Tottenham-Liverpool på storskjerm 1. juni.

- Her bilr det både konkurransar, aktivitetar og kule premiar før kampen. I god tid før kampstart blir det også eiga oppkøyring med gjester på scenen. Gjestene er Knut Fjellvang, Børge Lunde, Ørjan Håland,  Eirik André Hesthamar, fortel Christoffer Kobbeltvedt som er salssjef i Fjordfolk. Han blir også med på scenen.

Gjestene vil ta publikum gjennom laga, snakka om spelarar, spå utfallet av kampen og lodda stemninga blant publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mulig det blir ei historie eller to også, seier Kobbeltvedt.

- Vi ønskjer å inkludera alle som vil sjå fotball på ein heilt annan måte, sitjande i eit amfi med stort lerret og bra lyd. Vi håper også på litt «tribune-stemning», smiler han.

Arrangementet er frå aldersgruppa 10 år og oppover, og Oseana Kafe og Restaurant køyrer eigen finale-meny.

Liverpool er i sin andre CL-finale på rad. I fjor vart det tap mot Real Madrid.
Liverpool er i sin andre CL-finale på rad. I fjor vart det tap mot Real Madrid.
Det vert eit heilengelsk oppgjer i årets CL-finale, der Tottenham møter Liverpool.
Det vert eit heilengelsk oppgjer i årets CL-finale, der Tottenham møter Liverpool.

- Dei som er under 15 må ha verge, opplyser Kobbeltvedt.

Dette er første gong det vert vist fotball i Oseana, og salssjefen i Fjordfolk er glad for at Oseana legg til rette for slike arrangement også.

- Fotball er jo kultur, seier Kobbeltvedt og held fram:

- Vi oppfordrar alle som liker fotball til å bli med og skapa ein skikkeleg fotballfest i Oseana.

Catten viser også kampen denne kvelden.