Tove Hjartnes Fosså og Sivert Rykkel inviterer kreative personar og firma med gode og skapande idear til å vera med på Skaperkraft-dagar i Eikelandsosen.
Tove Hjartnes Fosså og Sivert Rykkel inviterer kreative personar og firma med gode og skapande idear til å vera med på Skaperkraft-dagar i Eikelandsosen.

Inviterer til gründersamling i Fjorden: Her kan ein skapa seg til 50.000 kroner i støtte

17.-19. september er det Skaparkraft-dagar i Fjord`n senter. Kreative sjeler kjempar om inntil 50.000 i støtte.

Arrangementet er resultat av eit samarbeid mellom Fusa Kraftlag, Bjørnefjorden Gründerpark og Bjørnafjorden Næringsråd. Det er første gong det vert invitert til ei slik samling for kreative konseptutviklarar i Eikelandsosen.

– Me er spente på kor mange som melder seg på. Me veit om eit par som er klare, men me har så absolutt plass til fleire, seier dagleg leiar i Fusa Kraftlag, Tove Hjartnes Fosså.

Artikkelen held fram under annonsen.

Næringskonsulent i Os kommune, Jon Sivert Rykkel, trur dette også kan bli ein kjekk møteplass for bedrifter og skapande sjeler.

– Føremålet er jo å stimulera personar og bedrifter som har ein idè og/eller eit produkt som dei vil ut med, til å koma seg vidare med det. Det er mange bedrifter i Fusa og Os som har spennande ting på gang. På dette arrangementet kan dei stikka hovudet fram og møta likesinna folk, seier Rykkel.

Han og Fosså presiserer at Skaparkraft-dagane er for alle som vil stilla frå komande nye Bjørnafjorden kommune.

5.000 - 50.000 i støtte

Arrangøren ser gjerne etter folk som er i oppstarten av eit nytt prosjekt, som har ein idè til eit nytt produkt, eller som er i ei bedrift og har tankar om korleis gjera produksjon eller produkt meir effektivt og meir berekraftig.

Deltakarane på Skaparkraft-dagane i Eikelandsosen definerer sjølve kor mykje pengar dei søkjer om.

– Dei kan søkja om produksjonsstøtte frå 5.000 til 50.000 kroner, men tildelinga kan også bli gjeve i form av spesifik konsulenthjelp, fortel Fosså.

– Kan du seia noko om totalmengda på midlar som skal delast ut?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har jo nokre rammer for det, men kor mykje som vert delt ut, kjem jo til sjuande og sist til å ha ein del med kor mange som er med, seier Fosså.

Rettleiing og presentasjon

Arrangementet går over to-tre dagar i andre høgda på Fjord`n senter.

– Dei to første dagane blir det arbeidsverkstad – med idé-utvikling og korleis profilera ein idé og eit produkt. Her blir det rettleiiarar som hjelper deltakarane. Deretter vert det avslutta med presentasjon siste dag. Då skal kvar og ein av deltakarane få presentera produktet eller ideen sin framfor ein jury, som vil ha ansvar for tildelingane, seier Fosså ogg legg til:

– Uansett om ein blir tildelt midlar eller ikkje, så trur me alle vil sitja att med ein verdi etter å ha vore med på dette prosjektet og jobba med å utvikla ideen sin, seier Fosså.

Ho skal sjølv sitja i juryen i lag med kollega frå Fusa Kraftlag, Kjetil Solberg. Dei andre i juryen er ordførar i Fusa, Atle Kvåle, og styreleiar i Bjørnafjorden Næringsråd, Jan Erik Røstvø.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no