Kontroll på Halhjemsvegen: Rekordmange dødsulukker dei siste månadene gjer at UP vil vera langt meir aktive langs norske vegar i sommar.

Jaktar trafikksyndarar etter ulukkessommar. Onsdag var UP i Os.

Utrykkingspolitiet stilte seg opp tre stader i løpet av onsdagen.

NRK har tidlegare fortalt korleis Samferdselsdepartementet, Trygg Trafikk, politiet, kommunesektorens organisasjon (KS) og flere fylkeskommunar har hatt krisemøte og gått saman for å få ned talet dødsulukker på norske vegar.

Onsdag hadde UP ein stor-offensiv i Os-området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 17.40-18.40 var det åtferdskontroll ved Holtbrekka nær Os sentrum. Her vart det skrive ut fire gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Klokka 19.10-20.50 var det laserkontroll på Halhjemsvegen E39 i 70 km/t-sona. Her var det ingen reaksjonar.

Korleis det gjekk på Lepsøyvegen, kan du lesa her.