Ekkelt: Jenny Norén og familien hennar har opplevd tjuveri to gonger på eitt år.

Jenny vakna av tjuv som rota utanfor huset: — Han forsvann med sykkelen med sambuaren min på slep

På eitt år har Jenny Norén to gonger opplevd at nokon har stole sykkelen hennar. Sykkelen har ved begge tilfella stått parkert rett utanfor inngangsdøra.

Det er litt over eitt år sidan familien på fire flytta til Nore Neset. Kort tid etter at dei hadde flytta inn i det rolege nabolaget i Skeisstøa, stakk nokon av med sykkelen til Jenny. Den stod parkert utanfor huset og var låst.

— Då budde vi litt bortanfor her, seier Norén og peikar ut vindauget.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei som tok sykkelen må ha gått inn mellom husa og funne han. Vi var ikkje heime då det skjedde, seier ho.

Blei stolen: Sykkelen til Jenny Norén blei stolen natt til måndag.

No har dei nett funne ein ny stad å leiga. Rett bortanfor, i det same nabolaget - som dei trivst i - sett bort frå tjuveria.

Natt til måndag vakna Norén av at ho høyrde lydar i grusen utanfor inngangsdøra.

— Eg tenkte først at det ikkje var noko. Så høyrde eg det igjen. Då vekte eg sambuaren min og sa at eg trudde det var nokon utanfor. Det viste det seg at det var.

Sambuaren skal ha observert det han meiner var ein mann i arbeidsbukse, som stakk av garde med ein sykkel.

— Sykkelen, som er sambuaren min sin, fann vi att litt borte i vegen her - i ein hekk. Det var ikkje luft i dekka. Det er nok årsaka til at han berre har kasta han frå seg. Min sykkel tok dei nok først.

Tjuveriforsøk: Sykkelen til sambuaren til Jenny Norén skal ha blitt kasta i ein hekk borte i gata.

Norén synest det er merkeleg at dei to gonger på eitt år har opplevd tjuveri.

— Først tenkte eg at det var nokon som hadde noko i mot meg eller oss, men det kan det jo ikkje vera, for vi kjenner ikkje nokon her. Vi har berre budd her i eitt år. Det heile er veldig merkeleg. Det er også høgtrykksspylarar utanfor her. Heller ikkje dei er tekne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hendinga fann stad ca. klokka 02.15 natt til måndag. Sambuaren som tok opp jakta på tjuven, lukkast ikkje finna han igjen. Etter at Norén delte eit innlegg på Facebook om tjuveria, har det kome inn nokre svar. Ho håper at det er nokon som veit kva som har skjedd, eller har tips. Måndag tek ho kontakt med politiet for å melda saka.

— Eg håper at dei finn sykkelen, og at dei finn andre syklar som er sakna.

Éin ting er tjuveria i seg sjølv, men det er uansett ekkelt å tenkja på at nokon snik rundt utanfor husveggene.

— Vi låser alltid dørene og lukkar vindauga. Eg er ein person som har ein tendens til å overtenkja alt, så det er ikkje noko kjekt dette. Sonen min, som er fem år, er livredd for tjuvar. Han spør kvar kveld om det er tjuvar i huset, seier Norén.