Vil starta crossfit-senter i Os: Sjølv om Jonny Tonheim blei svindla, set ikkje det ein stoppar for arbeidet med å få til eit crossfit-senter i bygda.

Jonny blei svindla då han kjøpte utstyr til nytt CrossFit-senter i Os

Jonny Tonheim kjøpte utstyr for om lag 95.000 kroner av ein kjend person i CrossFit-miljøet. Det skulle visa seg at han, og mange andre, blei lurt av seljaren.

Det var Fædrelandsvennen som omtalte saka om fleire CrossFit-utøvarar frå mange stader i Noreg, som kjende seg lurt av ein treningssentereigar i Kristiansand.

Saman med vener har Tonheim planlagd å starta eit CrossFit-senter, eller box som dei kallar det i miljøet, i heimkommunen til Tonheim, Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi var nære på å sikra oss eit lokale mot slutten av fjoråret, men det blei ikkje noko av likevel. Det blei litt for dyrt, fortel Tonheim til Os & Fusaposten.

Han legg til at han som selde utstyret i Kristiansand, utnytta situasjonen til Tonheim og venene.

– Han var klar over at vi ønskte å starta opp og at vi trong utstyr. Han prøvde å selja meg meir, men heldigvis klarte eg på ein eller annan måte å avgrensa meg. Mitt tap kunne ha blitt endå større.

Advokaten til mannen som skal ha svindla fleire, fortel til Fædrelandsvennen at seljaren innrømmer ansvar for ei rekkje forhold.

– Min klient er svært lei seg for det som har skjedd. Han ønskjer å ta ansvar, og han har det veldig tungt nå, seier advokat Per Holter Andersen til Fædrelandsvennen.

Tonheim seier at det kom brått på at han og nokre vener, som også hadde kjøpt utstyr, hadde blitt svindla.

– Seljaren er kjend i miljøet. At han er såpass uærleg, kom brått og overraskande på.

Tonheim har fått tilbake 10.000 av totalt 95.000 kroner. Saka er meldt til politiet og advokaten hans er på saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ein av mange som er ført bak lyset. Saka må berre gå sin gang. Eg kan ikkje gjera så mykje frå eller til.

At han no manglar ein del utstyr, og såleis pengar, kjem ikkje til å setja ein stoppar for eit CrossFit-senter i Os. Desse planane blir jobba vidare med.

Tonheim fortel at dei no er i dialog om eit nytt lokale, men at han ikkje kan seia så mykje meir om den saka. Vidare fortel han at det ikkje er enkelt å finna eit eigna lokale i Os.

– Vi har behov for minst eit par hundre kvadratmeter, og bra takhøgd, store flater og betonggolv. Det er ikkje akkurat mykje å ta av, når det kjem til slike lokale i Os.

Tonheim trur at det er bra marknad for CrossFit i bygda.

– Det er mange som ønskjer noko anna enn det ein vanleg gym kan tilby. Eg er ikkje på utkikk etter eit nytt levebrød. Så lenge vi har eit senter der eg kan møta likesinna innbyggjarar i vår kommune – unge som gamle, så er eg nøgd. Senteret må gå rundt og få inn nok midlar til at vi kan rusta opp utstyr ved behov, samt etter kvart til å løna instruktørar, men noko meir er ikkje naudsynt.