Klare for årets julemarknadsdagar: Kristin Vangsnes Bøe og Stine Kobbeltvedt frå Os kommune, kulturskulerektor Christian Breistein, Randi Hjertaas i KIOS og leiar i Os sentrumsforeining, Jeanett Borgen Kallekleiv, bidreg alle til at helgas julemarknad skal bli ei koseleg førjulsoppleving for store og små.

Julemarknadsdagar på Øyro: Utvidar med lysfest, kunstløype og handtverksmarknad

– Vi har planlagt alt til den minste detalj. Det vert skikkeleg julestemning, eit par-tre minusgradar, og ti-femten centimeter med snø, seier julemarknadsgjengen og smilar.

Vêret kan dei diverre ikkje gjera noko med. Julestemninga derimot, garanterer dei.

Allereie fredag går første punkt på årets julemarknadsdagar av stabelen. Då vert det jubileumslysfest i Vognhallen med elevar frå Bjørnafjorden kulturskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Os kulturskule er 40 år i år. Fusa kulturskule rundar 25 år i 2020, fortel rektor Christian Breistein.

På lysfesten vert det to scenar, éin for musikkinnslag og éin for dans. I Vognhallen og i Baronsgården (frå 7. til 15. desember) får elevane som driv med kunstfag høve til å visa fram verka sine. Det vert dessutan sal av kaker, kandiserte epler, med meir.

– Mellom 70 og 80 elevar deltek. Tanken er at publikum skal kunna gå litt til og frå ut frå kva dei ønskjer å få med seg, seier Breistein og legg til at det var Patricia Langeland som tok initiativ til lysfesten.

Graut, juleforteljingar og nissebesøk

Sentrumsleiar Jeanett Borgen Kallekleiv har ansvaret for sjølve marknaden i sentrum. Ho fortel at det kjem både regionale og lokale utstillarar som har med seg alt frå tre- og skinnvarer til mat og lys.

– Vi får mellom anna besøk av ungdomsverksemda Ljos frå Os gymnas. Lokale butikkar, som Liens og Osøyro kolonial, kjem også til å ha stands inne i teltet, opplyser Kallekleiv.

Sentrumsleiaren synest det er flott at ein kan fylla fleire av dei tomme lokala i sentrum i førjulstida med kulturskuleutstillinga i vindauga i Baronsgården og peparkakebygda i det gamle apoteket. Ho legg til at det har snike seg inn ein liten feil i programmet på søndagen, og at marknaden ikkje opnar før klokka 14.

Julenissen vitjar, tradisjonen tru, Borgstova, men ettersom bygget akkurat er ferdig restaurert, vil mesteparten av programmet gå føre seg utandørs.

– Heile huset er ikkje ope slik som tidlegare, men det vert lavvo, gløgg, kaffi og kjempekoseleg uansett. Garantert julestemning, lovar Stine Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdagen i Tunet kyrkje- og kultursenter plar vera veldig populær. Her vert det, som tidlegare, julegåveverkstad, høgtlesing av juleforteljingar, julekrybbe og julegraut.

Mange ulike aktivitetar

Det er ikkje berre om fredagen kulturskuleelevane skal i elden. Søndag vert det julekonsert i Os sentrum. Musikkbarnehagen, kulturkarusellen, korgruppa og hardingfeleelevane er blant dei som bidreg.

KIOS (Kunst i Os) har dessutan teke initiativ til ei «kunstløype». Denne kan publikum få med seg både laurdag og søndag. Løypa «startar»i Vognhallen der Anne Gro Starefoss Greve står bak utstillinga «Fjord, fjell og fauna». Deretter kan ein ta turen innom Os stasjon og helsa på tekstilkunstnar Bente Haugland, før ein tek turen innom ateliera til KIOS og Atelier KOS (kunst og sånn) i etasjen over Fargerike i Hamnevegen.

– Vi er til saman 17 kunstnarar som held til i dei to ateliera. Vi driv med alt frå klassisk måleri og teikning, til meir abstrakte uttrykk, trykk og saum, seier Randi Hjertaas.

Ho lovar at dei som tek turen innom ikkje berre skal få høve til å varma seg litt, og få noko godt å bita i, dei får også sjå korleis kunstnarane jobbar, og prøva seg litt sjølve.

– Vi har nokre overraskingar til både store og små, seier ho og legg til at Greve, Haugland og dei andre kunstnarane har mykje fint å by på, så om det er nokon som ønskjer seg kunst til jul, er det enno ikkje for seint.

Sist, men ikkje minst inviterer hobbygruppa til Os frivilligsentral til ope hus i det gamle kommunehuset om laurdagen. Her vert det sal av heimelaga handtverk, og minikafé på kontoret til Tove Hille.

– I fjor laga eg 300 lappar, seier ho og presiserer at det ikkje er snakk om noko «poselappar», men ei god, gamaldags og heimelaga oppskrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kobbeltvedt synest det er kjekt at det etter kvart har blitt mange ulike aktørar som bidreg til marknaden. På den måten kan dei som kjem få med seg mange ulike aktivitetar i ein skikkeleg rundttur på Osøyro.

– Det er gøy at det er så mange som deltek, seier ho.