Pressekonferanse: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) under den daglege pressekonferansen i samband med koronasituasjonen.

Justisministeren: Dette kan du gjera og ikkje i påska

Det blir ikkje noka normal påske, men vi må alle gjera så godt vi kan, meiner Monica Mæland (H). Ho opnar døra for mange aktivitetar trass i smittetiltaka.

Fleire tilbod som normalt er opne i påska, vil i år vere stengde. Ikkje fleire enn fem personar bør vera samla, og ein bør halda to meters avstand til andre menneske.

Det er heller ikkje lov å overnatta på hytta, understreka justisministeren på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det generelle rådet er framleis at alle bør unngå unødvendige fritidsreiser, sa Mæland.

Men det er lov å driva friluftsliv, fortrinnsvis frå der ein bur. Ein kan handla mat og klede, ein kan gå turar i byen og i skog og mark, dra på sjøen, bestilla handverkarar og pussa opp huset, rydda, lesa og følgje med på påskekrim og å høyra på podkast, ifølgje justisministeren.

– Ein må prøva å unngå å setja seg i ein situasjon der ein treng hjelp frå andre. Det handlar rett og slett om å vera ekstra varsam.

Justisministeren oppmoda vidare folk til å ta kontakt med folk som har det vanskeleg, og familie og vener som kan vere einsame.

– Vi som kan bidra, bør prøva å gjera det, sa ho.