Kakebakar: Aleksander Grener er regjerande meister i Kakekrigen. Han vil anbefala ein frisk pavlova på nasjonaldagen.

Kaketips til nasjonaldagen: Slik får du den perfekte pavlovaen

Regjerande meister i TV-programmet «Kakekrigen», Aleksander Grener, deler tips og oppskrift til kake på 17. mai.

– Kvifor pavlova på 17. mai?

– Det er ei frisk, god kake med friske bær. Det er ei kake «alle» liker, seier Aleksander.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppskrifta og framgangsmåte følgjer. Før du startar på kaka, kan det vera greitt å vita at det tek kring to timar totalt å laga ho.

– Er dette ei vanskeleg kake?

– På ein skala frå ein til fem, vil eg seia tre. Det er på grunn av marengsen, som må vera perfekt, seier Aleksander og smiler.

Pavlova: Ifølgje Grener tek det totalt to timar frå start til dette sluttproduktet.

Pavlova:

Start med marengsen – du treng:

* 4 eggekviter

* ei klype salt (¼ ts.)

* 225 gram sukker

Artikkelen held fram under annonsen.

* 1 ss maizena

* 1 ts. kvitvinseddik

– Pisk eggekvite i ein rein bolle, tilsett salt. Piskast til kvitt, luftig skum. Tilset litt og litt sukker medan du piskar kraftig. Pass på at sukker ikkje set seg på kantane på bollen. Om dette skjer bruk, ein sleikepott til å dytta det ned i eggekvitemassen igjen.

Visp til du har ein fin og luftig marengs.

Ha i kvitvinseddik. Sikt inn maizena. Bruk sleikepott til å røra forsiktig inn.

Ha på bakebrett med bakepapir. Form ei kake med diameter på ca. 24 cm.

Steik på 120 grader i over-/undervarme i 1 ½ time. Avkjøl, helst i eitt døgn.

Vaniljekrem:

Artikkelen held fram under annonsen.

* 4 eggeplommer

* ½ dl sukker

* 1 vaniljestang

* 4 dl mjølk

* 1 ss maizena

* 1 liten pakke fløyte

– Pisk eggeplommer og sukker lett saman i ein kjele. Ha i frøa frå vaniljestanga. Ha også i vaniljestanga.

Ha i mjølk og rør inn maizena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varm opp til kokepunktet (må ikkje koka) medan du heile tida rører.

Ta ut vaniljestanga.

Avkjøl.

Pisk fløyten til krem. Vend i vaniljekremen.

Set saman kaka:

Ha vaniljekremen på kaka.

– Eg liker å bruke ein boks hermetisk frukt (må silast godt) og masse bær på toppen. Jordbær, bringebær, blåbær etc. Etter eigen smak:)

Til 17. mai kan ein bruka små flagg til pynt.