Svarer: – Det er veldig fint at Terje Søviknes og Frp er samd i dei tiltaka som me i kommunen alt er i gang med, seier Trine Lindborg i sitt svar på lesarbrevet til Søviknes.

– Kan forsikra Søviknes om at me jobbar godt med dette

Ordførar Trine Lindborg har alt kalt inn til gruppeleiar-møte om næringstiltaka i kommunen.

– Det er veldig fint at Terje Søviknes og Frp er samd i dei tiltaka som me i kommunen alt er i gang med, seier Lindborg i sitt svar på lesarbrevet til Søviknes.

Les også
Lokale tiltak for næringsliv og frivillig sektor

Ordføraren fortel at dei har jobba lenge med dei tiltaka som den tidlegare ordføraren viser til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I dag tidleg sende eg ut melding til alle gruppeleiarane, inkludert Søviknes, om eit møte der me skal få ei oppdatering på koronasituasjonen, ei oppdatering på vedlikehalds- og investeringsprosjekta i kommunen og eit framlegg til ein næringspakke, fortel Lindborg som kommenterer at ho «nok har ei anna tilnærming til saksgang og forankring enn den tidlegare ordføraren».

– Han legg det fram som om me ikkje er på ballen. Det er me. Men me annonserer ikkje kampresultatet før måla er scora, seier Lindborg og held fram:

– Me er godt i gang med kartlegginga av dei tinga Søviknes tek opp i sitt lesarinnlegg. Både næringssjefen og kommunalsjefen for samfunnsutvikling jobbar godt. Men me må samstundes avventa kva midlar som kjem frå sentralt hald og sjå kva omprioriteringar me kan gjera internt i kommunen. Dei grepa me gjer må ha både forankring og finansiering slik at vi kan bidra med støtte og hjelp til næringslivet.