Eksempel til etterfølging: Juryen meiner Karsten Austevoll og Inka AS er eit eksempel til etterfølging for resten av næringa med si storsatsing på ny fabrikk og arbeidsplassar lokalt.

Karsten Austevoll kåra til «Årets navn» i sjømatnæringa - med god margin

Eigaren av Inka AS, Karsten Austevoll, gjekk til topps i den prestisjefylte, nasjonale kåringa.

I fjor vart Bremnes Seashore-eigar og salmalaksens far, Olav Svendsen, kåra til Årets Navn i norsk sjømatnæring av IntraFish og Fiskeribladet sine lesarar. Avdøde Knut Frode Eide har også vunne den prestisjetunge prisen.

I år var det altså Karsten Austevoll som gjekk heilt til topps. Det var 18. gong Fiskeribladet og IntraFish arrangerte den nasjonale kåringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen vart delt ut under Sjømatdagane - digitalt. Prisen går til ein person eller selskap «som har gjort noko spesielt i og for næringa. Enten det dreier seg om å skapa noko eller setja fotavtrykk».

Les også
Maskinene er på veg: Gler seg som ein unge til å opna den nye fabrikken

Opptatt av å gje noko attende

Redaktør i Fiskeribladet, Øystein Hage, kom med følgjande lovord til Karsten Austevoll då han delte ut prisen torsdag føremiddag:

- Du får prisen for det du har skapt her ute. Sidan starten i 1983 og starten av Inka i 2002, har du vore opptatt av å skapa arbeidsplassar og gje noko att til lokalsamfunnet. Og for meg som vestlending, er det ekstra hyggeleg å sjå at bergensområdet kan skapa meir av sjømaten enn ved berre å ha hovudkontor i Bergen. Det er imponerande. Medan resten av sjømatnæringa har sendt fisken fortast mogleg ut av landet, har du vore opptatt av å skapa ringverknader lokalt. Det tippar eg fleire enn vi set pris på. Eg veit at fiskeriministeren vår, Odd-Emil Ingebrigtsen, er ein av dei som set stor pris det du skaper.

Ministeren sende også ei helsing i samband med utdelinga.

– Eg synest det er ekstra hyggeleg at ein lokal samfunnsbyggjar som Karsten Austevoll får denne prisen. I desse spesielle tider er det jo nettopp lokale samfunnsbyggjarar og lokale familiebedrifter vi treng. Eg skulle eigentleg vore på besøk til dykk. Det har ikke late seg gjera på grunn av koronaen, men eg ser fram til å koma på besøk ein annan gong. Gratulerer med ein svært velfortent pris, uttaler Ingebrigtsen.

Les også
Gigantløft for Inka AS: Familiebedrifta som skaut i vêret

– Imponerande

Hage trekte vidare fram at Austevoll og Inka har bidrege til å halda liv i både lokalbutikk, lokalmiljø og «eit og anna idrettslag».

– I fjor satsa du ytterlegare, og bygde ut fabrikken frå å kunna ta unna 5.000-6.000 tonn laks og aure til det tredobla. Å våga ei slik storsatsing er imponerande, og viser for alle og ein kvar at det er mogleg å skapa arbeidsplassar i Noreg på grunnlag av norsk fisk, sa Hage under utdelinga.

Hage meiner Inka AS er eit eksempel til etterfølging for resten av næringa som gong på gong snakkar om å flagga heim arbeidsplassar frå Polen og Danmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men gjer dei noko? Nei. Men du har klart det.

Har vore ei lenge reise

Austevoll konstaterte på si side at «det har vore ei lang reise med både medgang og motgang».

– Dette set eg utruleg stor pris på, og så må eg få takka alle dei som har stemt på meg, ikkje minst.

Austevoll kommenterte vidare at den nye fabrikken har vore eit stort løft.

– Men eg har alltid hatt tru på det eg gjer, og gjev som oftast aldri opp.

– Eg får nesten tårer i augene. Alle dei namna du nemner (tidlegare prisvinnarar, journ.mrk), eg kjenner kvar einaste ein. Det er stort å koma på lag med dei. Så atter ein gong, tusen takk!