Etter råd: I tråd med råda frå helsemyndigheitene, oppmodar politiet i Bjørnafjorden ungdomar innstendig om å avstå frå samlingar/arrangement, festlege lag eller andre planlagde aktiviteter.

– Kjære ungdom, ver så snill, dropp festlege lag

Det skriv politiet i dette lesarinlegget.

Kjære ungdom og foreldre.

Det er satt inn fleire tiltak for å få bukt med koronaviruset. Vi kallar det dugnad. Noreg og innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune er gode på dugnad. Denne dugnaden må vi stå saman om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viruset er for dei fleste av oss ikkje farleg, men for ganske mange kan det vera dødeleg. Dei aller fleste av oss kjenner personar dette er farleg for, og det er noko vi bør tenkja på. Det er difor viktig at vi alle gjer kva vi kan for å minska spreiing.

I tråd med råda frå helsemyndigheitene, oppmodar politiet i Bjørnafjorden ungdomar innstendig om å avstå frå samlingar/arrangement, festlege lag eller andre planlagde aktiviteter. I møte med andre er det vanskelig å vite kven som er og eventuell blir smitta. Vi veit det er keisamt, men er det nokon som klarer å finne alternative måter å vera sosiale på, så er det de som er unge.

Vi anbefaler også å avstå frå å drikka alkohol, då dømekrafta vert svekka. På fest er stemninga god og alkoholinntaket får oss til å tenkja litt annleis. Vi blir meir intime og deler av vår drikke. Viruset smittar ved dråper, noko som betyr at å dela drikke er svært risikofylt. Dette gjer at festar og den slags arrangement er risikoutsette for smitte.

Kjære ungdom, ver så snill, dropp festlege lag. Du blir kanskje ikkje sjuk, men tenk på andre medborgarar. Andre kan dø av å bli smitta. Ver et medmenneske og hald deg vekke frå festar og samlingar med andre. Då kan du seia at du har medverka til dugnaden.

Kjære foreldre. Sei nei til din ungdom. Hjelp dei med å ta valet om å halda seg borte frå festane og samlingar dei ønskjer å delta på og vera ein del av. Snakk med dei slik at dei forstår kor dumt det er å møta andre nett no. Vi må stå saman dersom vi skal knekka viruset.

Vi ønskjer alle alt godt. Vi har ingen liv å mista til dette viruset. Ver så snill å ta det på alvor. Til alle dykk som er råka av viruset, god betring.

Vi må stå saman no!

Politiet