Stoppa i sentrum: Etter tre ulike hendingar på kort tid, blei ein mann i 40-åra gripen i Os sentrum tysdag. Foto: Benjamin Søgnen Olsen/Arkiv

Kjenning av politiet prøvde å selja medisinen sin til ungdomar i Os sentrum

Før dette stal han frå ein butikk og var nærgåande og ufin mot ein tilset.

Tysdag skal ein mann i 40-åra ha vore innom ein daglegvarebutikk på AMFI Os. Der skal han ha oppsøkt ein kvinneleg tilset, og vore nærgåande og ufin.

– Han tok også med seg varer utan å betala for seg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand og held fram:

– Mannen gjekk vidare mot Os, og inn på ein pizzarestaurant. Han er innom der ganske ofte, og gjer personalet utrygge. Truleg er det også ofte yngre tilsette som er der. I dette tilfellet skal han ha vore ufin både inne i og utanfor restauranten.

Etter dette skal ferda ha gått inn i Os sentrum. Der skal mannen i 40-åra ha treft på fem ungdomar.

– Han skal ha prøvd å selja medisinane sine til ungdomane, som er i 15- og 16-årsalderen. Politiet blei varsla. Mannen blei gripen for tre ulike hendingar, og sett i arresten, fortel Lyssand.