Heads up: – Eg må skjerpa meg og alle andre må skjerpa seg. No må alle i Bjørnafjorden ta eit tak så me ikkje får ei ny bølgje og må stengja av, sa Trinde Lindborg til pressa onsdag.

– Kom igjen, bjørnafjordingar. No må me skjerpa oss!

— Situasjonen er alvorleg. Smittetala er blitt høgare, og det er viktig at me alle tek oss ekstra i nakken i tida framover, seier ordførar Trine Lindborg.

Etter to nye covid-19-tilfelle onsdag kalla Bjørnafjorden kommune inn til pressekonferanse i det nye formannskapsrommet i rådhuset på Osøyro. Meldinga var ikkje til å ta feil av.

— No må me skjerpa oss slik at me ikkje får større smitteutbrot i kommunen, sa ordførar Trine Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

På spørsmål frå Os & Fusaposten om det var ting som tydde på at «me» måtte skjerpa oss, svara ho slik:

— Eg seier det like mykje til meg sjølv. Me må alle ta saka på alvor. Det har vore ein auke i tal på smitte. Men det er klart nokon av oss kan ha større fokus på kvar me reiser og kven me er i lag med, seier ho.

— Etter sommarferien har me hatt eitt covid-19-tilfelle i veka. No sidan søndag har me hatt fire. Det er ein auke og ein tendens me ikkje liker. No må me ta tak og syta for at det ikkje vert slik framover, slår ordføraren fast.

— Men sjølv om de no oppmodar oss om å vera ekstra på vakt og skjerpa oss, så kjem de ikkje med nye tiltak her i kommunen med det første?

— Nei, det er jo det me håper me slepp å måtta koma med. Det er ingen som ønskjer ei nedstenging slik me hadde i vinter. Me vil gjera det me kan for å unngå det, seier Lindborg.

Kjenner smittevegen

Også assisterande smittevernlege Jonas Dale var til stades på pressekonferansen. Han seier at smittetilfella i Bjørnafjorden har kome hyppigare, men presiserer at situasjonen ikkje er ute av kontroll.

— Me kjenner til alle smittevegane. Alle som har blitt smitta no etter sommaren, har fått smitten frå utanfrå kommunen. Det vil seia, me har hatt eitt tilfelle med intern smitte, men der venta me på det og kjende til personen som stod for smitta, seier Dale.

På spørsmål om alle som er blitt smitta til no, har fått smitten frå Bergen, svarer han slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Bergen er ein stor kommune. Der er det ein del smitte. Ja, mange er smitta frå Bergen.

Dale fekk også spørsmål om korleis det går med dei som er blitt smitta no etter sommaren.

— Det går veldig bra. Dei fleste er yngre menneske utanfor risikogruppa. Men sjølv om det er yngre som no stort sett er blitt smitta, vil me for all del avgrensa smitten. Vegen kan vera kort til dei som er i risikogruppa, minner Dale om.

— Ja, og her går ei melding ut til ungdomen. Når du held på å gløyma deg litt, og ikkje fokuserer særleg på smittevern, tenk på bestemor, bestefar eller andre eldre. Det er ingen som ønskjer å vera årsaka til at dei eldre blir sjuke, seier Lindborg.

Meir kortidsfråvær

Ordførar Lindborg oppfordra også alle som ikkje kjende seg friske, til å vera heime.

— Hugs, det er ingen som har ein så viktig jobb at dei ikkje kan unnverast. Dessutan er det mange som kan jobba heimanfrå. Ta ansvar på dette, sa ho.

Assisterande kommunedirektør Nils-Petter Borge var også til stades på møtet med pressa. På spørsmål om kommunen hadde merka noko til fråværet den siste tida, var svaret ja.

— Me har heilt klart merka at kortidsfråværet har auka. Stundom er det ein del borte og det kan bli utfordrande utover hausten også for oss som største arbeidsgjevar i kommunen, men me skal nok stå han av - denne utfordringa også, sa Borge.