6. september. Gult nivå gjeld i første omgang til og med måndag 6. september 2021. (Illustrasjonfoto)

Kommunal kriseleiing har hatt møte: Vidarefører både gult nivå og karantene-ordning

Kommunal kriseleiing (KKL) har vedtatt å vidareføra gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular.

Gult nivå gjeld i første omgang til og med måndag 6. september.

– I tillegg forlenger vi den lokale forskrifta for smittekarantene for barn og unge under 18 år med to veker, til og med måndag 13. september, opplyser kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevar i vidaregåande skule blir testa på skulen, og er unntatt frå den lokale forskrifta.

Vedtaket i kommunal kriseleiing er gjort etter råd frå kommuneoverlegen.

Smittekarantene for dei under 18

Bjørnafjorden kommune kjem altså ikkje til å innføra testing som ei erstatning for smittekarantene for dei under 18 år, slik dei nasjonale retningslinene legg opp til.

Kommunen vidarefører i staden den lokale ordninga med smittekarantene for nærkontaktar under 18.

– Elevar på vidaregåande skule er unntatt forskrifta, fordi skulane gjennomfører testregimet sjølve, vert det lagt til.

Denne forskrifta gjeld til og med måndag 13. september 2021.

Konfirmasjonar

Elles følgjer Bjørnafjorden kommune dei nasjonale reglane og retningslinjene. Dette gjeld mellom anna for konfirmasjonar som for mange kjem no til helga.

– Vi følgjer dei nasjonale reglane for arrangement i Bjørnafjorden, stadfestar kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men hugs å halda ein meter avstand. Det er ein fordel om de òg kan ha faste, tilviste plassar, og halda dykk til desse gjennom selskapet. Det hindrar smittespreiing, og at fleire enn nødvendig må gå i karantene ved smittetilfelle, legg han til.