Fram til sommaren: Jarle Kvalvik tok til i stillinga som kommunalsjef 1. januar 2020, og vil bli verande i Bjørnafjorden kommune fram til sommaren.

Kommunalsjef sluttar etter eit halvt år i jobben

Jarle Kvalvik tok til i stillinga som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune 1. januar. No har han fått seg ny jobb.

Kvalvik blir driftsdirektør i Statsbygg. Det opplyser kommunen på sine heimesider.

- Jarle informerte meg måndag om at han har fått tilbod om, og takka ja til, stillinga som driftsdirektør i Statsbygg. Eg er glad på Jarle og Statsbygg sine vegner, og beklager at vi ikkje fekk nytte av Jarle sin kompetanse i lengre tid, kommenterer kommunedirektør i Bjørnafjorden, Christian Fredrik Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvalvik tok til i stillinga som kommunalsjef 1. januar 2020, og vil bli verande i Bjørnafjorden kommune fram til sommaren.

- Dette er ein jobb som eg har ønskt meg, og eg føler meg privilegert no når sjansen blei ein realitet. Denne jobben gjev meg moglegheit til å påverka fagområdet mitt på nasjonalt nivå. Det er diverre umogleg å føresjå akkurat når jobbar blir ledige, og det er vemodig å forlata desse fantastisk gode kollegaene eg har fått i Bjørnafjorden kommune, er Jarle Kvalvik sitert på på kommunen sine nettsider.

Bjørnafjorden kommunen «vurderer no vegen vidare utan Kvalvik».