Konkrete lovnader: Tidlegare har norske kommunar fått konkrete lovnader om at dei skal få dekt koronautgiftene sine, men mange festar ikkje lit til dette før dei faktisk ser pengane.

Kommunane kan få milliardar i krisehjelp

Eit fleirtal av partia på Stortinget skal vera klare til å gi norske kommunar fleire milliardar kroner ekstra til å betale koronautgiftene sine.

Det kan vera snakk om så mykje som ti milliardar kroner i konkrete pengeløfte, men storleiken på summen er enno ikkje avklart, forklarer kjelder tett på prosessen til NTB.

Halvparten av pengane skal gå til å hjelpe kriseramma bedrifter, medan stortingsfleirtalet ser for seg å bruka den andre halvparten på å få opp aktiviteten i økonomien att. Det kan skje gjennom å sørgja for auka etterspurnad i kommunane etter varer og tenester etter at krisa er over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forhandlar

Partia på Stortinget forhandlar om krisepakken regjeringa la fram sist fredag, den tredje i rekkja.

Tidlegare har norske kommunar fått konkrete lovnader om at dei skal få dekt koronautgiftene sine, men mange festar ikkje lit til dette før dei faktisk ser pengane. Derfor kan formuleringane bli stramma opp i forhandlingane som no går føre seg, i tillegg til at det blir lagt konkrete milliardar på bordet.

Kollektivtrafikk

NHO, NAF og norske fylkeskommunar har ropt varsku om at kollektivtilbodet fleire stader blir hardt ramma av sviktande passasjergrunnlag. Fleire parti ønskjer at kompensasjon til kollektivselskapa skal bli ein del av pakken til kommunar og fylkeskommunar.

Samtidig har reisearrangørane ropt varsku og åtvara om konkursar viss ikkje Stortinget kjem med ein eigen pakke for dei.

(©NPK)