Ingen påvist smitte: – Vi har seks i karantene, ingen i isolasjon og ingen påvist smitte hos busette i kommunen, påpeikar kommunedirektør Christian Fotland.

Kommunen har sendt sitt innspel til regjeringa før pressekonferansen kl 14

Bjørnafjorden kommune ønskjer å «gå ut» av den regjeringsfastsette forskrifta for omegnskommunane (5D).

Det opplyser kommunedirektør Christian Fotland før regjeringa sin pressekonferanse om vidare korona-tiltak.

Grunngjevinga er smittesituasjonen i kommunen og framleis lokal og regional byggeplassforskrift, som «forhåpentlegvis kan bidra til å hindra spreiing av det sørafrikanske muterte viruset».

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen har fått smitte på byggeplassen ved MENY på Os. Det første smittetilfellet var ein arbeidar som var smitta i eigen heim i Bergen. Byggeplassen er no stengd og alle 99 på byggeplassen er sett i karantene. Det er til no registrert til saman fire positive frå byggeplassen, tre av dei er busette i Bergen og éin i Øygarden.

– Drifta på byggeplassen var ved eit bergensfirma, og det var ingen lokale underleverandørar i denne perioden. Dei fleste arbeidarane er heimehøyrande i Bergen, og det meste av testing og smittesporing er gjennomført av Bergen kommune. Seks personar knytt til byggeplassen er for tida busette i Bjørnafjorden kommune. Dei er i karantene og blir følgde opp med fleire testar, utdjupar Fotland i ei pressemelding.

Elles er det ikkje registrert nokon smittetilfelle i Bjørnafjorden siste to veker.

– Vi har seks i karantene, ingen i isolasjon og ingen påvist smitte hos busette i kommunen, påpeikar Fotland.

Om testkapasiteten, skriv Fotland at kommunen har opplevd auka pågang på testing etter at den ferskaste forskrifta vart innført, men kommunen har ikkje kapasitetsutfordringar.

Det er ope for testing sju dagar i veka i kommunesenteret på Os og tre dagar i veka i kommunedelsenteret Eikelandsosen på andre sida av fjorden.

- Vi opplever etterlevinga av forskrifta som god. Brann og redning utfører no kontroll med oppfølging av forskriftene. Det har så langt vore prikkfritt, med eit par merknader (to butikkar, éin byggeplass). Dei har fått rettleiing, opplyser Fotland.

Kommunen ønskjer at forskrifta skal gjelda til og med søndag. Dette for å ha betre kontroll med dei seks i karantene tilhøyrande byggeplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg får aktørane tid til å områ seg og starta på ny frisk frå og med måndag, påpeikar Fotland.

– Det viktigaste er likevel at alle kommunane rundt Bergen blir samde om eit felles tidspunkt – det var målet med forskrifta: Å vera samkøyrde for å redusera mobilitet mellom kommunane i denne fasen, legg han til.