Vil ikkje opna for raskt: – Vi ønskjer å vera forsiktige med å opna opp for raskt. Dette er også i tråd med korleis dei andre nabokommunane til Bergen tenkjer, seier Jonas Nordvik Dale.

Kommunen held på korona-tilrådingane i ytterlegare éi veke

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale seier det er positivt at Bergen no ser ut til å ha kontroll på utbrota. Men med karantenetid på 10 dagar vil det framleis vera mogleg med nye smittetilfelle.

– Vi ønskjer difor å vera forsiktige med å opna opp for raskt. Dette er også i tråd med korleis dei andre nabokommunane til Bergen tenkjer, seier Nordvik Dale.

Desse tilrådingane frå kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune gjeld no til og med tysdag 29. september:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi oppmodar alle innbyggarar som jobbar i Bergen om å bruka heimekontor så langt det er mogleg.

– Vi oppmodar til å unngå unødvendige reiser inn til Bergen og unngå plassar der mange folk er samla.

– Dersom du likevel må til Bergen med kollektivtransport, tilrår vi bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halda ein meters avstand.

– Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale reglane for arrangement og private tilstellingar.

– Alle kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune som bur i Bergen, skal så langt det er praktisk mogleg ha heimekontor. Er du i tvil, avtal med næraste overordna.

– For alle andre kommunalt tilsette i Bjørnafjorden kommune, gjeld dagens praksis med oppmøte på arbeidsstad som hovudregel.

– Fram til og med 29. september kan berre dei næraste pårørande besøkja bebuarane på sjukeheimane.