Gode grunnar: Kommuneoverlege Klaus Melf påpeikar at det kan vera gode, individuelle grunnar til at ein frisk, vaksen person no ønskjer å ta fjerde dose.

Kommunen kjem med avklaring kring 4. dose for dei mellom 18 og 64 år

– Immuniteten i denne delen av befolkninga er god og risikoen for alvorleg koronasjukdom er låg.

Også friske personar mellom 18 og 64 år kan no få fjerde dose koronavaksine. Det betyr at fjerde dose er ei moglegheit for denne aldersgruppa, men ikkje ei anbefaling, presiserer kommunen.

FHI anbefaler ikkje generelt fjerde dose for personar mellom 18 og 64 år, men opnar for individuell moglegheit for dei som ønskjer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Immuniteten i denne delen av befolkninga er god og risikoen for alvorleg koronasjukdom er låg. Medverkande årsak til FHI si avgjerd om å ikkje gi ei generell anbefaling, kan òg vera at risikoen for til dels alvorlege biverknader, som betennelse i hjertemuskelen/-posen, blir vurdert som høgare enn nytten av vaksinen for gruppa sett under eitt, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Helsepersonell er heller ikkje generelt anbefalt å ta fjerde dose koronavaksine.

Melf påpeikar at det likevel kan vera gode, individuelle grunnar til at ein frisk, vaksen person no ønskjer å ta fjerde dose, «til dømes utanlandsreise, eit ønske om å beskytta sårbare nærkontaktar, å redusera risikoen for plagsame symptom etter smitte eller generell uro for sjukdommen».

Kommunen planlegg ikkje nye rundar med massevaksinering.

– Dersom du er mellom 18 og 64 år og ønskjer ein fjerde dose koronavaksine, kan du få vaksinen på legekontor eller hos samarbeidande apotek, opplyser Melf.