Viktig: - God beskyttelse mot smitte av deltavarianten av viruset, får du først etter den andre dosen. Difor er det viktig at så mange som mogleg er fullvaksinerte - og så raskt som mogleg, seier Klaus Melf.

Kommuneoverlegen med klar melding til dei som vurderer å snu i døra

– Ein del snur faktisk i døra når dei får vite at Moderna-vaksinen står på dagens meny på vaksinestasjonen, seier kommuneoverlege Klaus Melf, som no kjem med klar oppmoding.

– Ta den andre vaksinedosen når du får tilbodet - uavhengig av om det er Pfizer eller Moderna.

Sjølv har han fått ein kombinasjon av dei to.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Moderna-vaksinen er faktisk endå meir effektiv enn Pfizer. Og kombinasjonen første dose Pfizer og andre dose Moderna går heilt fint - det er eg sjølv eit bevis på, seier Melf til kommunens heimesider.

Han opplyser at både koronavaksinen frå Pfizer og koronavaksinen frå Moderna er såkalla mRNA-vaksinar.

– Dei bygger på same teknologi og beskyttar deg mot den same delen av koronaviruset, det som blir kalla spike-proteinet, forklarer Melf.

Han påpeikar at Noreg har fleire Moderna-dosar og færre Pfizer-dosar enn tidlegare.

– I tillegg er mange av Pfizer-dosane øyremerkte aldersgruppa 12-17 år. Dette betyr at Moderna-vaksinen vil vere den aktuelle andredosen for dei fleste av oss vaksne, seier Melf.

Ifølgje kommuneoverlegen har både del- og fullvaksinerte som får covid-19, låg risiko for å bli lagt inn på sjukehus.

– Men god beskyttelse mot smitte av deltavarianten av viruset, får du først etter den andre dosen. Difor er det viktig at så mange som mogleg er fullvaksinerte - og så raskt som mogleg, legg Melf til

– Kanskje er nokre bekymra for biverknader? Dose to gir oftare biverknader ved begge vaksinetypane. Det er eit godt teikn, som betyr at immunsystemet reagerer som det skal. Moderna-vaksinen kan gi noko kraftigare biverknader enn Pfizer, men desse er uansett forbigåande.