Halhjem ferjekai: N/A

Kontrollerte 122 bilførarar på ferjekaia

UP stilte seg opp på E39 Halhjem ferjekai søndag ettermiddag.

Frå klokka 16.50 til 18.50 stoppa UP 122 bilar på E39 Halhjem ferjekai.

Det vart gjennomført promillekontroll på samtlege, men heilt utan utslag på nokon av desse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser politiet på Twitter.

Laserkontroll

Same kveld gjennomførte UP ei laserkontroll på E39 Halhjemsvegen.

Her vart det skrive ut ni forenkla førelegg. Den høgste farten vart målt til 110 km/t i 80-sona.