Kontroll: Ein førar av ein personbil måtte setja frå seg bilen ved kontrollsona, då Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll onsdag.

Kontrollerte tunge køyretøy, men det var ein personbil som blei vinka inn og fekk bruksforbod

– Personbilen såg ut som ein motorsykkel i mørket. Alt lys mangla på eine sida, fortel John Kåre Larsen i Statens vegvesen.

Onsdag gjennomførte vegvesenet kontroll på Halhjem og i Hjellemarka. Fokuset var på trafikktryggleik og køyre- og kviletid.

– Ein sjåfør fekk bruksforbod på feil med fartsskrivar, men dette blei ordna opp i på staden, fortel Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er ein fartsskrivar?

– Det er eit apparat som sit i tunge køyretøy. Det registrerer sjåførens tid bak rattet, pausar og køyring, seier Larsen og held fram:

– Sjåføren mangla papir til å ta utskrifter, så i dette tilfellet var det ein bagatell – men det var denne gongen. Det er strenge reglar til fartsskrivarane. Dei skal inn til kontroll kvart andre år. Blir ikkje dette gjort, kan ein bli meldt.

I etterkant av trafikkontrollar som Statens vegvesen gjennomfører, er det ofte det negative eller oppsiktsvekkjande som blir framheva i media. Larsen vil også få fram at dei har veldig mange kontroller på tunge biler.

– Dei blir stoppa jamt og trutt. Det er nok ikkje mange land som følgjer denne næringa så tett opp med kontroller som her i Noreg. Eg vil få fram at det er mykje som er positivt. Dei aller fleste vi stoppar følgjer reglane, seier Larsen.

Det som ikkje var like positivt på gårsdagens kontroll, var ein personbil som kom mot dei i mørket – med berre lys på eine sida.

– Alt lys mangla på den eine sida av bilen – både nærlys og parkeringslys. Det såg ut som ein motorsykkel i mørket. Eg trur diverre det er mange som ikkje ser alvoret i det. Dette kan meldast til politiet og ein kan få store førelegg, seier Larsen og held fram:

– Om ein bil manglar alt lys på høgre side, så kan ein ikkje sjå om det går folk langs vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Larsen legg til at ein heller ikkje kan køyra med berre parkeringslyset på heller.

– Det er ikkje greitt. Bilen skal ha begge fungerande nærlys på begge sider.

Politiet har denne veka hatt fokus på ruskøyring, og auka talet kontrollar.

– Har de i Statens vegvesen noko tilsvarande i desse dagar?

– Vi er ute kvar dag. Det er tre lag som jobbar med kontroller til dagen, og vi er alltid på vegen. Det er stort fokus på tyngre køyretøy, men vi stoppar også personbilar.