Koronasmitta person fekk 20.000 i bot etter å ha oppsøkt fest

50 oppdrag: Vest politidistrikt opplyser at dei har registrert 50 oppdrag relatert til korona i helga, kor eitt tilfelle resulterte i straffesak.

Vest politidistrikt gav måndag eit forelegg på 20.000 kroner til ein privatperson for brot på smittevernlova §4.3.

Det opplyser politiet i ei pressemelding.

– Vedkomande er bekrefta smitta med Covid-19 og forelegget blei gitt etter at vedkomande braut lovpålagt isolasjon og oppsøkte ein fest natt til søndag. Politiet har i helga etterforska saka og avhøyrt fleire personar, vert det opplyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av omsyn til personvernet går ikkje Vest politidistrikt ut med ytterlegare detaljar om hendinga eller vedkomandes alder, kjønn eller kor i politidistriktet hendinga skjedde.

- Vedkomande har blitt orientert om forelegget måndag. Dersom boten ikkje vert betalt, risikerer vedkomande fengsel i 40 dagar. Vi håpar folk skjønar alvoret i situasjonen landet står i og innrettar seg etter gjeldande lover, reglar og retningslinjer, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.

Vest politidistrikt opplyser at dei har registrert 50 oppdrag relatert til korona i helga, kor eitt tilfelle resulterte i nemnde straffesak.

Politiet kan ikkje fastsetja eit tal for kor mange menneske som kan møtast privat og oppmodar den enkelte til å bruka sunn fornuft og sjølv foreta ei nøktern vurdering av kva som er forsvarleg.

- Klare lovbrot vil bli forfølgde. Det er gjort klart av riksadvokaten at lovbrot som inneber brot på bestemmingar som skal bidra til å redusera smitterisiko, skal prioriterast, seier Fløystad.