Illustrasjon: Ein mann i 50-åra, buset i Bjørnafjorden kommune, har testa positivt for det nye koronaviruset.

Koronavirus påvist i Bjørnafjorden kommune

Mann i 50-åra har testa positivt.

Det opplyser Bjørnafjorden kommunen på heimesida si. Kommunen fekk melding om dette kort tid etter at pressekonferansen var over. Onsdag kveld samla kommuneleiinga pressa for å fortelja om nye restriksjonar og tiltak innført i Bjørnafjorden kommuen for å førebyggja smittespreiing. Sjå video her.

– Ein mann i 50-åra som er busett i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for det nye koronaviruset. Mannen har vore på reise i eit område med vedvarande smitteutbrot og kom heim laurdag 7. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv kommunen at mannen er isolert i eigen heim og alle husstandsmedlemmar er i heimekarantene. Mannen har milde symptom, medan dei andre husstandsmedlemmane ikkje har symptom.

Kommunen har sett i verk tiltak for å kartleggje eventuell smitterisiko. Vi kjem tilbake med meir informasjon.