Stoppa to: Politiet stoppa to bilar på Halhjemsvegen kring midnatt måndag.

Køyrde bil som ikkje var EU-godkjent, men bilføraren hadde ei god forklaring til politiet

Klokka 00.17 tysdag stoppa politiet ein bil på Halhjemsvegen. Denne viste seg å ikkje vera EU-godkjent.

– Bilføraren hadde ei god forklaring. Han forklarte at bilen hadde vore inne til EU-kontroll tidlegare på dagen, men bilen blei ikkje godkjent. Han skal ha fått bilen utlevert slik at han kunne fiksa feila dagen etter, og fortalde politiet at han hadde bestilt time for å få dette gjort. Sjåføren fekk då beskjed om at vi kom til å ta skilta på bilen om politiet møtte på han utan at han hadde fiksa bilen, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Om lag 20 minutt før politiet stoppa denne bilen på Halhjemsvegen, var det ein annan bilist som blei stoppa i same område. Dette grunna eit øydelagt baklys.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilen mangla lys på venstre side bak. Førar fekk pålegg om å fiksa dette innan ei veke, fortel Lyssand.