Køyrde feil veg: Ein ung førar blei ferska då han køyrde mot trafikken i rundkøyringa ved Ulvenparken.

Køyrde feil veg i rundkøyringa: — Han ville ta ein snarveg for å koma framfor kompisane i køen

Ein førar på under 18 år blei ferska av politiet då han på lettmotorsykkel køyrde mot køyreretninga i rundkøyringa.

Det var fredag klokka 23.15 at ein ung førar blei stansa av politiet etter ei hending i trafikken.

— Vedkomande er under 18 år. Han blei stoppa etter å ha køyrd feil veg i rundkøyringa ved Ulvenparken. Dei var ein gjeng som var ute og køyrde, og han sa at han gjorde dette for å koma framfor kompisane i køen, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Han var uheldig at politiet observerte dette, men han var samstundes heldig ved at dette gjekk bra. Føraren vedtok eit førelegg på 5.850 kroner saman med foreldra, då han er under 18 år.

Det tok ikkje lang tid før politiet fekk nok ei trafikkhending “i fanget”.

— Dette var rett etterpå. Då hadde politiet kome seg til Lyseklostervegen. Der var det ein sjåfør på ein moped som køyrde på eitt hjul. Vedkomande blei meld for brot på vegtrafikklova §3, for aktlaus køyring. Han fekk behalda førarkortet. Det var også nokre tekniske feil ved køyretøyet, som han fekk pålegg om å fiksa, seier Birkeland.

Laurdag formiddag observerte politiet ein moped som hadde for høg fart.

— Patruljen hamna bak mopeden. Der gjekk det litt for fort, i alle fall til ein moped å vera. Mopeden må framvisast hos vegvesenet for teknisk kontroll.