Kontroll: Her frå ein tidlegare kontroll på Svegatjørn.

Køyrde inn til kontroll med nedslitne dekk

Statens vegvesen held oppe trykket på Svegatjørn.

Måndag sjekka vegvesenet til saman 62 tunge og eitt lett køyretøy på kontrollplassen på Svegatjørn.

Fem førarar fekk åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg må ein førar ut med eit gebyr på 1.000 kroner, medan føretaket må betala 2.000 kroner for brot på dei same reglane.

Ein førar av ein varebil på 3,5 tonn, fekk eit gebyr på 2.000 kroner for to nedslitne dekk.

Vegvesenet rapporterte også vidare til Skatteetaten då dei oppdaga at eit vogntog ikkje hadde registrert vektårsavgift for å dra tilhengjar.