Fekk bot: Ein mann i slutten av 20-åra fekk 5.500 kroner i bot for å ha køyrd mot trafikken i denne gata.

Køyrde mot trafikken i einvegskøyrd gate medan politiet såg på

Det straffar seg å køyra etter «gammal vane».

Strekket frå Havnechefen bort til Nordisk Rom, blei einvegskøyrd i haust. Det var rett etter klokka 21 torsdag kveld, at ein mann i 20-åra køyrde mot trafikken i den einvegskøyrde gata i Os sentrum.

– Han fortalde at han av gammal vane hadde gjort dette, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilen blei stansa og kontrollert av politiet, som tilfeldigvis såg dette. Mannen godtok eit førelegg på 5.500 kroner på staden.

Politiet er klar over at det ikkje er alle som klarer å halda seg til trafikkreglane i sentrum. Det er ikkje lov å svinga til venstre når ein kjem opp Brugata og får Capri på venstre side. Dette er tydeleg markert med skilt på staden.

– Vi er klare over at det skjer at folk tek til venstre i dette krysset, sjølv om det ikkje er lov.