Illustrasjonsfoto Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv

Køyreplan for skuleåret: Sjå oversikt over ferie- og fridagar

Høyringspartar har komme med innspel. Slik blir barnehage- og skuleruta 2022/23.

Barnehage- og skulerute for Bjørnafjorden kommune skuleåret 2022—2023 er administrativt vedtatt. Det melder kommunen på heimesida si.

“Barnehage- og skuleruta for grunnskulen skal utformast som lokal forskrift, jf. opplæringslova §2-2. Høyringspartar har vore grunnskulane i Bjørnafjorden kommune, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU. Vi sende òg til barnehagane og deira organisasjonar og rådsorgan. Vi bad skulane og barnehagane om å distribuere dokumenta vidare til medlemmane i barnehagen eller skulen sine rådsorgan. Andre som ønskte å uttale seg om framlegget til skulerute, kunne òg gje høyringsuttalar. Høyringa blei kunngjort på Bjørnafjorden kommune sine nettsider. Det kom inn tre høyringssvar. Ingen av framlegga til endringar i høyringsuttalane blei tatt til følgje”, melder kommunen på heimesida si.

Her er lenkje til barnehage- og skuleruta.