Nore Neset ungdomsskule: 68 elevar på 9. trinnet er i karantene i vinterferien.

68 elevar ved Nore Neset ungdomsskule måtte i karantene

Ein elev ved 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule testa positivt på korona.

Bjørnafjorden kommune rigga seg torsdag for massetesting av elevar frå Nore Neset ungdomsskule etter at ein elev ved 9. trinn testa positivt på korona onsdag. Ytterlegare éin elev på 9. trinn fekk påvist smitte torsdag.

68 medelevar, sju lærarar og to lærarstudentar måtte ut i karantene i det me gjekk inn i vinterferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreldre og søsken måtte ut i såkalla ventekarantene.

Årsaka til ventekarantenen, var frykta for at det kan vera snakk om ein type virusmutasjon, forklarte kommuneoverlege Klaus Melf torsdag.

— Dette får vi tidlegast svar frå Haukeland om på måndag, sa han før helga.

Då Os & Fusaposten gjekk i trykken, var det ikkje påvist fleire positive tilfelle etter massetestinga i helga.

Følg med på osogfusa.no for oppdatert informasjon.

– Dette er sjølvsagt veldig leit for dei det gjeld, men her er det ingen veg utanom. Elevane må i karantene fram til laurdag 6. mars. Eventuelt kan dei testa seg ut av karantenen etter sju dagar, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Berre elevane skal testa seg

Då Os & Fusaposten tok kontakt med Dale torsdag kveld, kunne han melda om at smittesporingsgruppa var i gang med å planleggja tiltaka for dagen etter.

– No vert det lagt til rette for testing av dei 68 elevane i morgon (fredag). Det som er viktig å slå fast i den samanheng er at foreldre, søsken og andre som eventuelt deler bustad med elevane, ikkje skal testa seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis blir karantenen for dei?

– Foreldre og søsken blir pålagt såkalla ventekarantene. Det tyder at dei kan gå ut av karantenen dersom dei på laurdag eller søndag får vite at deira born, eventuelt søster eller bror, har testa negativt, forklarte Dale.

Dette med ventekarantene for pårørande er eit noko nytt, men eit naudsynt tiltak.

– Eg vil understreka at det ikkje er noko så langt som tyder på at den smitta eleven er blitt smitta av mutert virus, men om dette er tilfellet, så smittar viruset mykje lettare. For å vera føre-var, gjer me det difor slik at me pålegg elevens husstand ein ventekarantene, seier Dale.