Foto: Arkiv

Kvinne meldt for køyring i påverka tilstand

Måndag kveld stoppa politiet ei kvinne i 50-åra. Ho blei meldt for køyring i påverka tilstand.

– Kring klokka 18.30 blei ei kvinne i 50-åra stansa og kontrollert på Søre Neset. Ho hadde utslag på alkometer og blei teken med til legevakt for blodprøve. Ho blir meldt for køyring i påverka tilstand og fekk beslaglagt førarkortet sitt, skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ei melding til avisa.

Litt tidlegare måndag, blei ein mann i 20-åra stansa og kontrollert av politiet. Han skal ikkje ha hatt gyldig førarkort og blir meldt for forholdet.