Rykka ut: Politiet rykka ut for å bryta opp ein slåstkamp.

Kvinne sendt til røntgen etter slåstkamp

Søndag morgon fekk politiet melding om slåstkamp mellom to kvinner i Søre Neset, og rykka ut.

I 9-tida kom meldinga om slåstkampen mellom to kvinner i 30- og 40 åra.

— Me fekk kontroll på dei, og har snakka med vitne som har sett delar av hendinga, seier politioverbetjent Martin Nordeide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunn for slåstkampen skal vere trivielle årsaker, men meir enn dette vil ikkje politiet går ut med endå.

Den eine kvinna vart sendt til legevakta og vidare til røntgen etter slåstkampen.

— Det er mogeleg brot i armen på den eine kvinna, men me har ikkje fått meir informasjon om skada, seier Nordeide, som legg til at dette skal vere den einaste skaden.

Begge personane er kjende for politiet frå før, og det vil bli oppretta sak på personskade. Politiet vil snakke med både valdsutøvar og fornærma så fort dei får mogelegheit.