Rykte ut: Politiet rykte ut til Fusa camping natt til søndag.

Kvinne slått ned på Fusa camping

Natt til søndag rykte politiet ut til Fusa camping etter melding om slagsmål.

Meldinga kom klokka 01.15 søndag 5. juli. To kvinner var involverte i saka. Den eine av dei meldte frå om hendinga, og politiet rykte ut til staden.

— Patruljen hadde ein samtale med kvinnene og gav dei munnleg pålegg om ikkje å ta kontakt med kvarandre dei neste 24 timane, seier lensmann Terje Sperrevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje meldar skal ho ha blitt slegen av den andre kvinna uprovosert. Ingen av dei hadde synlege skadar.

Politiet ventar at saka blir meldt.

— Elles har det vore ei roleg helg, fortel Sperrevik, og nemnar berre litt nattestøy i løpet av helga.