Lenge nok: Ordførar Trine Lindborg (Ap) meiner Baronsgården har stått som eit «spøkelseshus» på Øyro lenge nok.

Lanserer nye planar og skisser for Baronsgården: – No tek vi regien sjølve

Sal av husvære i Baronsgården floppa. Heller ikkje bygget har ein klart å selja. No kjem ordførar Trine Lindborg (Ap) med ein ny marsjordre til kommunens eige eigedomsselskap.

– Kommunen ønskjer vekst og utvikling på Osøyro. Difor er eg stolt over å kunna presentera skisser til eit moderne og tidsriktig kontor- og forretningsbygg tufta på tradisjonelle uttrykk som passar elva godt, og som opnar opp Baronselva og knyt torget saman med hamna gjennom den planlagte elvepromenaden, seier ordføraren.

I 2013 vart kommunens eige eigedomsselskap, Os Bygg og Eigedom AS, bede av den politiske leiinga i kommunen, om å kjøpa Baronsgården for å rusta opp Osøyro. Etter det har det vore lansert ulike konsept for bygget. Først og fremst knytt til bustader. Men prosjektet har ikkje late seg realisera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste tida har instruksen frå eigedomsselskapet sine eigarar vore å selja bygget. Også det har vist seg vanskeleg.

– Det har ikkje skjedd noko med Baronsgården sidan eg vart politisk aktiv, seier Lindborg.

Av den grunn, er det den siste tida utarbeidd eit nytt konsept for bygget, og ordføraren kjem til å kalla inn til ei ekstraordinær generalforsamling med styret og administrasjonen i Os Bygg og Eigedom. Der vil dei få ein ny marsjordre. Nemleg å rusta opp bygget til eit kontor- og forretningsbygg.

Nye skisser: Slik ser dei nye skissene av Baronsgården ut. Tanken er at det skal vera forretningslokale i 1. etasje, tenesteyting/helsetenester i 2. etasje, og kontor i dei to øvste etasjane.

Byggjestart alt til hausten?

Den nye, utvida Baronsgården får eit grunnareal på mellom 500 og 600 kvadratmeter, og tanken er at bygget skal innehalda forretningslokale i 1. etasje, tenesteyting/helsetenester i 2. etasje, og kontor i dei to øvste etasjane.

– Bygget framstår, saman med Dragesetbygget, Fagertunbygget og gamle banken, som ei innramming av sentrum. Eg er oppvaksen i bygda, og var van med å gå på «foreningen». Eg hugsar liv i garden med blide Nelly i kjøttdisken, og det øvrige livet i sentrum, seier Lindborg og legg til at ho kjem til å bruka sin politiske påverknadskraft til å få realisert prosjektet så snart som mogleg.

– På den måten kan det offentlege, i dei tidene vi er inne i no, bidra til næringsaktivitet og arbeidsplassar. I tillegg er ei oppgradering av sentrum viktig for å auka attraktiviteten, slik at nye verksemder ønskjer å etablera seg i kommunen, påpeikar ordføraren.

Det er for tidleg å seia noko eksakt om kva opprustinga og utvidinga av Baronsgården vil kosta, men ifølgje Lindborg, har ein tru på at ein gjennom leigeinntekter, og eventuelt sal av delar av arealet, vil klara å betena kostnadene greitt.

– Vi skal sjølvsagt følgja dei lovar og reglar som gjeld, men kanskje vert det byggjestart alt til hausten, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Trått for Baronsgården: Har berre selt to av 26 husvære
Les også
Politikarar ber OBE om å overlata Baronsgården til andre