Ny hovudlinje: Når nyevegen mellom Os og Bergen opnar seinare i haust, blir det også oppretta ei ny hovudlinje med buss.

Lanserte rutene i dag: Slik blir busstilbodet når nye E39 opnar

Nye E39 gjev nytt rutetilbod.

Når nyevegen mellom Os og Bergen opnar seinare i haust, blir det også oppretta ei ny hovudlinje med buss. Samstundes blir tilbodet frå Eikelandsosen styrkt, ifølgje Skyss.

- Ei ny linje 600, som køyrer E39 via Lagunen terminal til Bergen busstasjon, blir ei ny og effektiv hovudlinje, skriv selskapet i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Busstilbodet over Søfteland og Kaland blir oppretthalde gjennom lokallinja 610 frå Osøyro til Nesttun. Lokale ruter vil bli tilpassa dei nye linjene.

– Tilbodet mellom Osøyro og Eikelandsosen blir også styrkt, ved at linje 740 får langt fleire avgangar enn ho har i dag. Endringane vil gjera det lettare for både pendlarar og andre innbyggarar på begge sider av fjorden i Bjørnafjorden kommune å bruka bussen, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss, i pressemeldinga.

Endringane vil tre i kraft etter opninga av ny E39. Den er per no planlagt til 21. oktober, og ruteomlegginga følgjer i så fall 24. oktober.

Slik blir tilbodet når E39 opnar

Linje 600: Nye linje 600 mot Bergen vil køyra Halhjemsmarka – Osøyro – Tøsdalskiftet – Lagunen – Fjøsanger – Danmarks plass – Bergen busstasjon, med stopp på alle haldeplassar. På den nye vegen mellom Tøsdalsskiftet og Lagunen vert det stopp i Lyseparken og Rådalskrysset.

I rushtidene vil bussen ha avgang kvart 15. minutt. Når bybanelinje 2 opnar, vil Kristianborg i Fjøsangerveien vera eit naturleg bytepunkt for reisande til og frå Haukeland sjukehus.

Saman med tilbodet på linje 610, vil dette nye tilbodet erstatta dagens linjer 600 og 600E.

Linje 604: Det blir ingen endringar på linje 604 i samband med opninga av E39. Når bybaneline 2 opnar til Haukeland Universitetssjukehus, vil dei fire avgangane på linje 604 bli erstatta av andre reisealternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linje 605: Denne linja blir erstatta av det utvida tilbodet på linje 740.

Linje 610: Nye linje 610 erstattar dagens linje 600, og blir den nye lokale linja mellom Osøyro, Søfteland og Nesttun.

Linje 740: Bussen mellom Osøyro og Eikelandsosen følgjer ferja i sambandet Hatvik-Venjaneset, og vil gå kvart 40. minutt store delar av dagen.

– Det er langt fleire avgangar enn i dag, og med overgang til nye linje 600 på Osøyro blir den samla reisetida mellom Bergen og Eikelandsosen også korta ned, presiserer Skyss.

Avgangar frå Gjermundshamn til Eikelandsosen blir som i dag.

Linje 741: Arbeidsruta mellom Arna og Fusa får eige linjenummer. Tilbodet vert som tidlegare, med avgang frå Arna om morgonen, og avgang frå Fusa om ettermiddagen.