På ville vegar: Kyrne som hadde forvilla seg ut i bilvegen på Hatvik, vart henta heim av bonden som eig dei.

Lause kyr i 80-sona på Hatvik

Kyrne hadde forvilla seg ned i krysset mellom Hatvikvegen og Berge.

Politiet i Os fekk melding om dei lause kyrne klokka 12.39 tysdag.

– Det er 80-sone på staden. Det kunne ha oppstått farlege situasjonar, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding frå ein som kom køyrande langs strekkja. Vel framme på staden fekk politiet kontakt med bonden, som sytte for å få kyrne heim att.

– Bonden kom og overtok, fortel Lyssand.

Ny hjortepåkøyrsel

Seinare på kvelden, klokka 20.19, fekk politiet melding om nok eit hjorteoppdrag. Det er mange av dei for tida, opplyser Lyssand.

– Hjorten vart påkøyrd ca. 200 meter frå Er-An veikro, i retning Os, fortel politioverbetjenten.

Viltnemnda vart kontakta, og hjorten vart avliva.