Desse møter du på Eikelandsosen legekontor: Helsesekretærvikar Anne-Linn Eikeland Hansen (f.v), lege Ingunn Glenjen, lege Karoline Tombre, sjukepleiar og fagleiar Anne Øvreberg og helsesekretær Desiree Lenz.

Legevakta og legekontoret i Fusa har flytta inn i nye lokale

Legevakta og tilsette ved Eikelandsosen legekontor har flytta.

Frå og med fredag 1. november er legevakta i Fusa å finna i nye lokale i 1. etasje i nybygget ved Fjord'n Senter, på adresse Leiro 33. Det opplyser kommunen på sine heimesider.

Inngangen er på same side som den nye hovudinngangen til senteret, frå parkeringsplassen som ligg bak mot hovudvegen, vert det opplyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eikelandsosen legekontor opna i dei nye lokala same stad måndag denne veka.

Eikelandsosen helsesenter byter samstundes namn til Eikelandsosen legekontor. Legevakta og legesenteret har felles inngang med dei kommunale kontora som ligg i 2. etasje i nybygget på Leiro.