I gang: Formannskapets møte tysdag der budsjettframlegga til partia er viktigaste saka, er i gang.

Legg fram budsjettforslaga ca kl 13 i dag

Tidspunktet for framlegginga av budsjettforslaga i formannskapet i dag, skapte debatt.

Formannskapets møte tysdag der budsjettframlegga til partia er viktigaste saka, er i gang.

Budsjettframlegga plar bli lagt fram tidleg i formannskapet sitt budsjettmøte, men i dag skjer dette midt i møtet, om lag kl 13.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Trine Lindborg kom fyrst med forslag om å leggja handsaminga heilt til slutt i møtet.

– Vi har mange saker vi skal gjennom i dag, og mange saker som skal vidare til kommunestyret, og me ønskjer å få desse gjennom. Eg vonar difor på aksept frå formannskapet på å leggja budsjettsaka til slutt i møtet, sa Lindborg.

Terje Søviknes (Frp) reagerte på forslaget.

– Eg synest ikkje det er eit godt forslag. Det er mange som i dag sit og ventar på budsjettframlegga og som kanskje følgjer sendinga (på kommune-TV, journ.mrk.). Normalt bør budsjettsaka koma fyrst, og eg var overraska over at saka i utgangspunktet stod langt nede på lista, sa Søviknes.

Han fekk støtte frå Marie Bruarøy (H).

– Eg synest det er veldig synd om me skal setja budsjettsaka heilt til slutt. I alle år eg har vore folkevald og med i formannskapet, så har budsjettsaka kome fyrst. Eg synest det er underleg, og lurer på årsaka, sa Bruarøy.

Varaordførar Mikal Leigland (Sp) opplyste at det er han som skal leggja fram budsjettforslaget til posisjonen og at han har søkt om permisjon i samband med ei gravferd.

– Eg vil koma med forslag om eit kompromiss, der me tek sikte på å leggja fram budsjettforslaga ca 12.30-13, sa Leigland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren la til at søknaden om permisjon var éin av grunnane til forslaget om å ta budsjettet til slutt.

– Spørsmålet er om me då kan handsama budsjettet ca kl 13. Eg er innstilt på å innvilga permisjonssøknaden og synest formannskapet skal visa respekt i forhold til denne, sa ordføraren.

Søviknes kommenterte at dei ikkje ville motsetja seg dette, når ein no hadde «vore open om grunnen».

– Men eg synest dette skulle vore sagt med det same. Og så er det slik at koalisjonen er representert med fire i møtet, så dette skulle ha vore mogleg å ordna. Men kl 13 er heilt greit, sa Søviknes og la til at «ein må bruka den ærlege årsaka frå starten av».

– At me har andre saker som må gjennom i dag, er ein hol argumentasjon. Er det éi sak som er viktig å få gjennom, så er det jo budsjettet, sa Søviknes.

– Dette er ingen hol argumentasjon. Eg synest faktisk det var greit å ta budsjettet til sist i møtet fordi me har mange saker me skal gjennom. Og permisjonssøknaden skulle sjølvsagt opplysast om før me gjekk i gang med sakene, sa ordføraren.