KS-medalje: Mikal Leigland og Magne Djuvik er tildelt medalje for si lange teneste i lokalpolitikken i Fusa og Bjørnafjorden.

Leigland og Djuvik vert heidra for lang teneste i lokalpolitikken

Begge var engasjerte i lokalpolitikken i over 30 år.

Mikal Leigland og Magne Djuvik er tildelt KS sin medalje for mange år med fortenestefull, samfunnsgagnleg verksemd som folkevalde.

Det går det fram av ei pressemelding på Bjørnafjorden kommune si nettside.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å anerkjenna den fantastiske innsatsen dei, år etter år, gjorde for eit levande lokaldemokrati, seier Trine Lindborg.

Som ordførar føreslo Lindborg dei to lokalpolitikarane som mottakarar av KS-medaljen.

– Det har vore seinkingar i produksjonen av medaljane. Difor har prosessen teke uvanleg lang tid, forklarar ho.

Engasjert i over tre tiår

Mikal Leigland vart vald som Sp sin første vara til kommunestyret i Fusa i 1991. Frå 1993 møtte han fast, og blei attvald ved alle val til og med 2019. Leigland gjekk bort i i desember 2022, og vert tildelt medaljen posthumt.

I Fusa kommune var Leigland mellom anna medlem i formannskapet i tre periodar. Han var også medlem av arbeidsmiljøutvalet, leiar i utval for helse og sosiale tenester, leiar i klientutvalet, vara til utval for plan og økonomi, nestleiar i klagenemnda, varamedlem i skatteutvalet, leiar i levekårsutvalet, medlem i utval for kultur og oppvekst og medlem i administrasjonsutvalet.

Frå 2018 var han med i fellesnemnda, som førebudde kommunesamanslåinga, og frå 2019 til 2022 var han varaordførar i Bjørnafjorden kommune.

Magne Djuvik vart vald inn i kommunestyret i 1991 for Samlingslista i Fusa. Djuvik har mellom anna vore leiar for plan- og miljøutvalet, medlem i formannskapet og varaordførar i Fusa. I Bjørnafjorden kommune var Djuvik leiar av kontrollutvalet.

Djuvik flytta frå Bjørnafjorden i 2023, men er framleis politisk engasjert, no i partiet Konservativt i Drammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mikal og Magne har lagt ned ufatteleg mange timar med dugnadsarbeid. Dei er døme på folk som engasjerer seg i lokalpolitikken fordi dei bryr seg, ønskjer å påverka og skapa gode tenester og lokalsamfunn. Det står stor respekt av innsatsen deira, og det er fint å kunna visa det med ei slik utmerking, seier Lindborg og legg til at det kanskje er fleire som, etter sist val, har gått ut av politikken i Bjørnafjorden, som kvalifiserer til utmerkinga.