Rykte ut: Politiet reiste ut for å hjelpa til å leita etter den unge guten.

Leiteaksjon etter ung gut. Funnen i god behald

Politiet i Os rykte ut for å bidra med å leite etter ein ung gut som var forsvunne i går ettermiddag.

Klokka 14.20 vart hendinga meldt, og politiet kom til staden. Saka vart raskt løyst, og guten kom til rette.

— Han vart funnen ikkje langt frå staden, berre rundt ein halvtime etter at me starta å leita, seier politioverbetjent Thomas Juulseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen til forsvinninga er usikker, men politioverbetjenten trur det kan ha vore eit uhell.

— Ein blir ekstra bekymra når barn plutseleg vert borte, så då er det forståeleg at ein tilkallar hjelp, men det er nok ikkje noko farleg som har skjedd, seier Juulseth.

Han er glad det heile løyste seg raskt, og at guten kom heim att i god behald.