Leiaren i Badil resurssenter er advokat og jobbar med flyktningsaker og internasjonale lover, internasjonale lover som vert brotne dagleg.
Leiaren i Badil resurssenter er advokat og jobbar med flyktningsaker og internasjonale lover, internasjonale lover som vert brotne dagleg.

Lesarbrev: Apartheid i Israel!

FN tok et klart standpunkt mot apartheid, og etter hvert ble det bygd en internasjonal konsensus som bidro til å avslutte dette urettferdige systemet. Men vi vet så alt for godt at vår frihet er ufullstendig uten palestinernes frihet.

Det sa Nelson Mandela.

Det er to rettssystem på Vestbredda, eitt sivilt for jødar og eitt militært for palestinarar. Infrastruktur, vegar, elektrisitet og vatn er delt i to. Infrastrukturen med kvalitet er for jødar, medan tenestene for palestinarane vert verre og verre. Lova om returrett gjeld jødar uansett kor dei kjem frå, men ikkje for palestinarar, sjølv om dei er fødde eller har foreldre som er fødde i Israel og som no bur i eksil. Jødar kan også flytta fritt frå stad til stad i Israel og Vestbredda, i motsetnad til palestinarar som ikkje har same retten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Studietur

I mars var eg ein av 12 deltakarar på studietur til Palestina. Seks av oss jobbar frivillig i Palestinabutikken i Bergen. Eg har vore i Palestina tidlegare i 1978 og i 1998, altså med rundt 20 år mellom. Eg har alltid hatt solidaritet med det palestinske folk og har reagert sterkt på alle overgrepa mot palestinarar som har gått føre seg under okkupasjonen av Palestina.

I 1948 vart staten Israel oppretta, på trass av store protestar frå palestinarane som budde i området frå før. I etterkant vart det oppretta mange flyktningeleirar for palestinarane: 12 i Libanon, 20 på Vestbredda, 8 i Gaza, 10 i Jordan og 11 i Syria. Det er tragisk at palestinarane framleis bur i desse leirane.

Sidan 1967 har palestinarane levd under israelsk okkupasjon. Samanstøytane mellom palestinarar og israelarar har vore mange og blodige. Det store spørsmålet i konflikten er kven som har mest rett til å kontrollera og bu i området.

Gjengen som jobbar frivillig i Palestinabutikken i Bergen, utanfor huset til Al-Sabbagh.
Gjengen som jobbar frivillig i Palestinabutikken i Bergen, utanfor huset til Al-Sabbagh.
Her fortel ein beduinleiar om situasjonen for beduinane.
Her fortel ein beduinleiar om situasjonen for beduinane.
Leiaren i Aida kultursenter i flyktningleiren - ei fantastisk varm og engasjert kvinne som trossar alt for å gjera det best mogelege ut av den situasjonen palestinarane lever under.
Leiaren i Aida kultursenter i flyktningleiren - ei fantastisk varm og engasjert kvinne som trossar alt for å gjera det best mogelege ut av den situasjonen palestinarane lever under.
Vi besøkte Banksy Hotell og såg på alle karikaturane og historiene som er skrivne på muren.
Vi besøkte Banksy Hotell og såg på alle karikaturane og historiene som er skrivne på muren.
Ei fantastisk fin oppleving, men ein skal vera i god form for å gå 15 km med kraftig stigning og sekk på ryggen
Ei fantastisk fin oppleving, men ein skal vera i god form for å gå 15 km med kraftig stigning og sekk på ryggen
Vi møtte ein mann som hadde vore gjennom ei lang rettssak for å få behalda huset sitt. Eit hus som han og familien vart tildelt av FN i 1948.
Vi møtte ein mann som hadde vore gjennom ei lang rettssak for å få behalda huset sitt. Eit hus som han og familien vart tildelt av FN i 1948.
Her er vi på besøk hos Abu Dis og ein kvinneorganisasjon som lagar broderihandverk som vi sel i butikken i Bergen.  Dei har også barnehage, skule, leksehjelp og kulturverkstad.
Her er vi på besøk hos Abu Dis og ein kvinneorganisasjon som lagar broderihandverk som vi sel i butikken i Bergen. Dei har også barnehage, skule, leksehjelp og kulturverkstad.

- Var godt førebudde

Vi var godt førebudde på reisa og kva vi ville sjå og oppleva. Likevel vart det tøft og det tar tid å «fordøya» alle inntrykka og møta med folket som bur på Vestbredda. Det var sterkt å sjå og oppleva okkupasjonen og apartheid på nært hald.

Reisa var lagt opp av Pace, ein palestinsk organisasjon i Ramallah og Kenneth Larsen, dagleg leiar i Palestinabutikken i Bergen. Lama, ei ung dame frå Pace var med oss som reiseleiar på Vestbredda. Ei flott ung dame på 24 år med kunnskap og ei sørvisinnstilling som det manglar sidestykke til. Vi var i trygge hender.

Vi starta reisa vår i Jerusalem vidare til Betlehem, Hebron, Nablus, Rammalah og Jordandalen. Vi skulle besøka flyktningleirar og frivillige palestinske organisasjonar, og vi skulle møte to israelske organisasjonar, Breaking the the Silence og ei ung israelsk jente som er aktivist og måtte i israelsk fengsel fordi ho nekta å delta i militærtenesten.

Breaking the Silence er ein organisasjon av veteransoldatar som har vore i den Israelske hæren i tre år. Dei vil fortelja israelittar og andre kva dei gjorde i dei okkuperte områda under tenesta. Dei meiner unge soldatar betalar ein høg pris ved å delta i det som vert kalla rutineoppdrag. Oppdrag som går ut på å øydeleggja heimar, trakassering av palestinarar, skremsel, plyndring og drap av uskuldege palestinarar. Organisasjonen vil ha fram det meiningslause i slike handlingar. Dei vil ha det fram i lyset, dei vil ha debatt om kva handlingar dei unge vernepliktige soldatane må utføra i teneste.

Forferdelege handlingar

Under reisa vår fekk vi mange eksempel på rett og slett forferdelege handlingar frå israelske soldatar. Det er ondskap sett i system.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sahar Madi, militærnektar, jobbar med å gjera folk merksame på militariseringa, våpenindustrien og kva den israelske hæren eigentleg gjer.

Det var godt å høyra at israelittar også har organisasjonar som jobbar for å endra Israel sin politikk og få folk til å bli merksame på kva overgrep som blir utført dagleg på Vestbredda.

Vi hadde sjølvsagt også litt fritid, der vi kunne rusla i gamlebyen og sjå på folkelivet i dei byane vi var i. Jerusalem er ein spanande by med mykje bibelhistorie.

Men, vi fekk også sjå den enorme skilnaden det er på palestinsk side og israelsk side av byen. Mange palestinarar lever med dagleg redsel for at israelske busetjarar skal overta husa deira. Vi møtte ein mann som hadde vore gjennom ei lang rettssak for å få behalda huset sitt. Eit hus som han og familien vart tildelt av FN i 1948. Familien kom eigentleg frå Jaffa, men vart deportert etter 1948. Mange vart sendt til flyktningeleirar eller dei fekk tildelt bustader av FN, slik som Al-Sabbagh. Han var glad då vi møtte han fordi rettsaka var utsett i første omgang.

Eg er redd for at det vert ei kort glede. Vi fekk sjå mange hus som var rivne av israelerane eller hus som var overtatt av israelske busetjarar. Vi møtte også ein fortvila mann som akkurat hadde fått brev om at no stod hans hus for tur.

Vi besøkte Abu Dis og ein kvinneorganisasjon som lagar broderihandverk som vi sel i butikken i Bergen. Dei har også barnehage, skule, leksehjelp og kulturverkstad. Alle vi møtte på var gjestfrie, stolte og hadde håpet om eit fritt Palestina i behald.

Hebron er byen som har det verst

Etter å ha køyrd gjennom vakre Jordandalen fekk vi sjå på nært hald apartheid-regimet og kriminaliteten palestinarane dagleg vert utsett for. Øydelagde hus, hus der folk har budd i generasjoner vert rivne ned. Israel stenger alle naturlege vasskilder for bøndene i Jordandalen, dei tek livet av buskapen til beduinane, bl.a. ved å legge ut giftig åte og dei øydelegg leirane deira. Israel okkuperer landområde utan lov og rett. Sterke møte med sterke folk.

Hebron er den byen som har det verst når det gjeld okkupasjon og apartheid. Rapportar viser at menneskerettane vert broten på fleire områder og at palestinarane sin situasjon vert stadig verre. Norske myndigheter reagerer ikkje på desse rapportane. Byen er hermetisk lukka med vakter og checkpoint ved alle innganger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Guiden vår i Hebron er vaksen opp i byen. Huset til familien vart ulovleg overtatt av israelskbusettarar. Vi kunne gå gjennom eit checkpoint der vi raskt kom oss inn i byen. Guiden vår måtte gå rundt byen og inn ein annan inngang fordi det var forbudt for palestinarar å gå inn i gater der det bur busetjarar.

Alle palestinarar vert sett på som terroristar. Det bur ca 200.000 menneske i byen, av desse er det rundt 700 israelittar. Likevel blir alt bestemt av okkupasjonsmakta.

Hebron var tidlegare ein av dei mest velstående byane på Vestbredden. No er det få butikkar, høg arbeidsløyse og elendige forhold for Palestinarane. Væpna soldatar på kvart einaste hjørne. Skuleborn på veg til skulen som vert harselert med av soldatar og settlarar dagleg. Likevel møter vi palestinarane som er engasjerte og driv ikkjevaldelege kampanjar for å betre på forholda. Eg vert audmjuk i møte med desse flotte folka.

- Har kasta Kirkens Nødhjelp ut

Det var i denne byen Kirkens Nødhjelp hadde eit ledsagarprogram, der dei fulgte borna til skulen for å unngå at ungane vert harselert med av soldatane. No har Israel kasta Kirkens Nødhjelp ut av landet, dei vil ikkje ha vitner til det som skjer. Frå denne byen kjem keramikken vi har til sals i Palestinabutikken i Bergen. Eg trur ikkje den israelske okkupajsonen gjekk like sterkt inn på meg nokon annan stad vi har vore.

Dei ulovlege settlements er heilt inntil dei palestinske husa. Det er eigne gater som kun er tilgjengeleg for israelarar. Overalt er det murar med elektriske gjerder og israelske soldatar som held vakt på hustaka med M16 over skuldera.

I Betlehem deltok vi i Palestinsk Marathon. Det er ein stor folkefest, ikkje minst er dette arrangementet viktig for palestinarane. Fleire og fleire utlendingar deltek i dette arrangementet for å visa si støtte til palestinarane.

Det var sterke opplevingar då guiden vår tok oss rundt i Betlehem og fortalte om apatheidsystemet og korleis muren gjorde det vanskeleg for palestinarane. Innimellom såg vi eit enkelt hus som var bak muren, ungane som før hadde fem minutt til skulen måtte no gå heilt til Jerusalem og attende for å koma seg til skulen på palestinsk side av muren. Vi besøkte Banksy Hotell og såg på alle karikaturane og historiene som er skrivne på muren. Vi møtte sterke folk på Badil flyktningesenter. Internasjonale lovar betyr ingen ting her. Vidare var vi i Aida flyktningleir og hadde lunsj i leiren. Også i denne leiren møtte vi kvinner som jobba utretteleg for å gjera kvardagen litt letttare for dei som bur i leiren.

Sterke historier

Det var også lagt opp til ein vandretur i Jordandalen. Ei fantastisk fin oppleving, men ein skal vera i god form for å gå 15 km med kraftig stigning og sekk på ryggen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nablus er ein annan by på Vestbredda vi besøkte. Det var i denne byen opprøret mot okkupasjon starta. Byen er også kjent for kaker og søtsaker. Frå denne byen kjem såpa vi sel i Palestinabutikken i Bergen. Vi fekk omvising med lokal guide. Også her fekk vi sterke historiar frå kvardagen til palestinarane.

I denne byen er det ein heilag stad for muslimane. No har også jødane tatt denne heilage staden som «sin» heilage plass, slik dei har gjort mange andre stader på Vestbredda. Kvar tysdag kjem jødar for å be ved staden. Under desse seansane er det mange soldatar som «passar på».

Tysdagen før vi var der, var det ei forferdeleg hending; to unge palestinarar på 19 år køyrde i bil mot denne staden og vart skoten på av soldatane. Dei prøvde å køyra bort, men vegen var stengt av ein bulldosar. Bulldosaren trykte bilen saman med ungdomane inni.

Vi hadde høyrt mykje tragisk på denne turen, men dette var det som gjorde sterkast inntrykk. Guiden sa at det er slik vi har det, dette er kvardagen vår. Eg tenkjer at det er slik dei klarar å overleva alle desse forferdelege hendingane, dei kan ikkje la slikt gå inn på dei.

I Ramallah som er hovudstaden i Palestina besøkte vi også frivillige organisasjonar. Vi møtte to organisasjonar som er partnar av Norsk Folkehjelp; Ein kvinneorganisasjon UPWC og ein ungdomsorganisasjon REFORM. Vi blir imponerte over kva dei får til med små midlar. Begge desse organisasjonane driv med fredskampanjar og mobilisering av kvinner og ungdom. Vi vitja også Yasser Arafat museet.

- Likevel er dei stolte og gjestfrie

Etter ni dagar på reise i eit fantastisk land sit følelsane godt i. Vi har møtt folk som dagleg vert utsett for trakassering, vald, brot på menneskerettar og okkupasjon av land og eigedom, likevel er dei stolte, gjestfrie og håpet om eit fredeleg Palestina har dei framleis.

Det er uforståeleg at ikkje verdssamfunnet reagerer på okkupasjonen og alle lovbrota mot eit heilt folk. Det er uforståeleg at Israel framleis får driva på med okkupasjon og ulovleg overtaking av landområde. Det er uforståeleg at den norske regjeringa inngår nye avtalar med Israel.

Israelerane har eit overtak på det palestinske folket, militært, økonomisk og politisk. Israelsk økonomi går så det susar både regionalt og globalt. Palestinarane lever i aukande fattigdom, dei har ikkje same handlefridomen til å driva forretning, og stadig fleire vert tvungne til å flykta.

Artikkelen held fram under annonsen.

USA nyttar vetoretten for å hindra at FN gjennomfører sanksjonar mot Israel. No er Netanyahu på nytt valt til statsminister i Israel, det lovar ikkje godt for palestinarane.

Åse Vaksinen Sælensminde