- Eg las i avisa 16. mai at ordføraren skal kalle meg inn på teppet på grunn av dette. Det er snålt å bli kalla inn på teppet via avisa, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).
- Eg las i avisa 16. mai at ordføraren skal kalle meg inn på teppet på grunn av dette. Det er snålt å bli kalla inn på teppet via avisa, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Lesarbrev: Borte, borte … Tittei?

Det er ikkje alt som forsvinn berre fordi ein gøymer det bort. Dessutan kan ikkje den som sit ved rattet halde auga lukka i 16 år, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

No er det mykje som ikkje er greitt i Os kommune. Det er ikkje greitt at ordføraren seier at eg har brote teieplikta i PBU-saka. Og det er slett ikkje greitt at ordførar og varaordførar har kjent til ukultur i kommunen i over 16 år (!) og latt det eskalere. Og det er meir som ikkje er greitt.

Notata mine fortel noko anna

La oss først oppklare dette med teieplikta som ordføraren seier eg har brote ved å dele PBU-brevet. 14. mai sa rådmannen til Os og Fusaposten: “–Eg hugsar samtalen, men ikkje heilt i detalj. Eg sa ikkje at pressa ville få innsyn. Notatet blei sendt i Altinn, som krev innlogging. Det seier noko om kor sensitivt eg vurderte informasjonen til å vera. Eg gav beskjed om at brevet var unnateke offentlegheit, og sa til Nøttseter at han måtte vera forsiktig med det.”

Artikkelen held fram under annonsen.

Mine notat dokumenterer historia annleis enn rådmannen sin hukommelse.

Då eg tok imot brevet 3. desember var det fleire ting å reagere på. Kommunen braut offentleglova ved å ikkje svare på fleire månader. Vidare var brevet ikkje journalført slik ein normalt skal gjera. Det var tilfeldig at eg fekk kjennskap til brevet i juni, og så kunne be om innsyn. Difor stilte eg nokre kontrollspørsmål til rådmannen dagen eg tok imot brevet.

Samtalen med rådmannen

Som folkevald har eg større innsynsrett i kommunen sine prosessar enn det pressa har. Eg var usikker på kva som var korrekt status for dette brevet og hadde utforma kontrollspørsmål som eg stilte rådmannen i desember – eg spurte direkte om kva som ville skje dersom pressa bad om innsyn, om rådmannen då hadde juridisk grunnlag for å nekte.

Protokollen er endr no i mai  under radaren, skriv Nøttseter.
Protokollen er endr no i mai under radaren, skriv Nøttseter.

Rådmannen svarte ikkje ja. Rådmannen svarte ikkje nei. Han sa “dei ville fått det”. Alt dette har eg i notata mine. Deretter snakka vi om at brevet ikkje var journalført i postlistene, så dermed kunne ikkje pressa kjenne til at brevet eksisterte. Så det eg fekk til svar i desember var at dersom brevet var journalført, og pressa visste om at det eksisterte, så ville dei ha fått innsyn om dei bad om det. No, etter påske 2019, har rådmannen sagt til meg at han meinte pressa ville fått ein sladda versjon, men han presiserte ikkje det i desember. Det var kanskje uheldig, men det kan ikkje eg klandrast for.

Aksept frå dei to namngjevne

Så vidt eg då kunne vurdere så var brevet altså ikkje unnateke innsyn då eg delte det. Men det var hemmeleg. Det var ikkje journalført. Det er noko anna, og noko som ikkje skal skje – endå ein prosedyrefeil av kommunen. Eg delte notatet med Os og Fusaposten i forkant av 1. mai. I god tru, og med aksept frå dei to namngjevne i brevet. Eg var også førebudd på ballade, og ballade har det blitt. Søviknes ringde meg 7. mai og skulda meg for å ha delt informasjon som var unnateke offentlegheit. Samstundes fortalde han at kommuneadvokaten hadde gjort ei ny vurdering som til då var ukjend for meg. Han lova å sende over denne vurderinga, men eg har framleis ikkje motteke denne fornya vurderinga frå kommuneadvokaten.

Trur ikkje på unnasluntring

Men no harkommunen gjort notatet offentleg, etter at Bergens Tidende publiserte det i avisa. Då slepp kommunen samstundes å få fylkesmannen til å gå heile denne saka etter i saumane, slik han elles måtte gjort fordi klagar på manglande innsyn har hagla inn. Alle som kjenner meg veit at eg er glad i reglar. Eg kjempar for det som er rett og riktig, uavhengig av kva det måtte koste. Fordi eg trur på at det systemet, lovverket og samfunnet vi har bygd over tid er av stor verdi, og det beste verda til no har klart å frambringe. Eg trur ikkje på unnasluntring, snarvegar og å bry seg om systema våre berre når det passar seg, og ikkje elles. Det er slik at dersom eg no brått hadde vore ute etter å bryte reglane, bryte teieplikta, så var det saktens mykje anna eg kunne komme trekkjande med!

Snålt å bli kalla inn på teppet via avisa

Eg las i avisa 16. mai at ordføraren skal kalle meg inn på teppet på grunn av dette. Det er snålt å bli kalla inn på teppet via avisa, men eg har berre vore i lokalpolitikken i 3–4 år, eg har kanskje endå ikkje tilstrekkeleg forstått korleis ein driv politikk i Os kommune? Men kven skal kalle Søviknes inn på teppet? Kven skal ta det opp når han ikkje gjer ting rett?

Vi er fleire som har prøvd oss i det siste. Sjølv trakk eg fram ukultur. Det kontra Søviknes slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

“– Dette fell på sin eigen urimelegheit. Eg veit ikkje kva Nøttseter sikter til når han på generelt grunnlag snakkar om ukultur. Os kommune er kjend for svært gode resultat over mange år, og eit solid tredjepartssamarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde.”

Rettmessig og sant!

Men så sprekte saka i Bergens Tidende, og kort tid etter har pipa fått ein heilt annan låt:

Han erkjenner at det negative arbeidsmiljøet som no har komme til overflata, ikkje er nytt for han.

– Det har vore spenningar innanfor arealpolitikk i alle fall i dei siste fire valperiodane. Men dei siste åra har det vore ganske intenst, seier ordføraren.”

Javelnei. Kva skal ein seie til sånt? Søviknes visste sjølvsagt 14. mai det han har vist i meir enn 16 år. Det fell slett ikkje på sin eigen urimelegheit det eg hevda – det var både rettmessig og sant! Det var rettmessig og sant!

«Ikkje viktig nok»

Det er for gale at ikkje ordførarduoen kan snakke sant utan at BT stiller med fulle flaumlys. Spesielt handlekraftig er det i alle fall ikkje av ordføraren å la ting skure og gå i over 16 år, medan han lèt som om alt er i orden når ein får direkte spørsmål. Marie Bruarøy har også hatt ein gjesteframferd som ordførar der ho verkeleg kunne tatt fatt i sakene. Men nei. Det var ikkje viktig nok så lenge dei lukkast med å halde problema bak lukka dører.

Har sjølv delt informasjon

Dette bråket starta ikkje i det kommunalsjef Aina Tjosås forlét eit formelt møte. Og det sluttar ikkje med Aina Tjosås. FrP og Høgre har pressa Tjosås ut av stillinga si, og PBU-brevet er dokumentasjon på intensjonen.

Søviknes har heilt rett i at Tjosås ikkje skulle gått frå formelt møte – men det ingen har dokumentert endå er det interessante – kvifor gjekk Tjosås frå formelt møte?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har tidlegare peika på at Søviknes sjølv har delt informasjon frå lukka møte (PBU sak 87/2018), men det har underleg nok ikkje fått konsekvensar, anna enn at protokollen no i mai 2019 er endra under radaren [sjå bilete), og framstår utan lukka sak.

Då Tjosås sa opp på dagen starta ordførar Terje Søviknes og utvalsleiar Gustav Bahus med å seie at alle var nøgde med dei tilsette, det var god stemning og fagkvaliteten var topp.

Bot og betring

Så omtalte Søviknes det som ei krevjande personalsak samtidig som rådmannen avviste at det var ei personalsak og Bahus m.fl. sitt brev dokumenterte at dei ikkje hadde tillit. Deretter kritiserte ordføraren meg på sterkaste vis og nemner både åtvaring og politimelding fordi eg fortalde om og dokumenterte ukulturen FrP/H er ansvarlege for.

Same dagen innrømmer Søviknes og Bruarøy til BT at dei har kjent til ukultur i alle desse åra dei har hatt politisk makt.

Forholda for dei tilsette var ikkje viktig nok før heile bergensregionen såg kva som gjekk føre seg i Os. No lovar dei bot og betring. Kvifor kjem omsorga for dei tilsette først no? Er dei i det heile skikka til å styre?

Søviknes har latt seg drive frå skanse til skanse etter kvart som flaumlyset har komme til i stadig nye krokar i denne saka. Det er verken Tjosås eller eg som er problemet her. Problemet er at ukultur har vorte kultivert i denne kommunen i altfor lang tid.

Og no skal eg gje Søviknes rett i ein ting til. No er det valkamp. Kun veljarane har makt til å gje oss nytt politisk fleirtal. I september bør dei nytte høvet.

Nils-Anders Nøttseter (MDG)