Vestlandet er suverent på topp på lista over dei mest utsette riks- og fylkesvegstrekningane i landet.
Vestlandet er suverent på topp på lista over dei mest utsette riks- og fylkesvegstrekningane i landet.

Lesarbrev: Det er lov å bli rasande, vestlendingar

Vi kan ikkje finne oss i det lenger. Vi må bli rasande, vi må seie klart ifrå at vi ikkje godtek at Stortinget ikkje viser vilje til å sikre liv og helse for oss vestlendingar, skriv Mona Høgli (MDG).

Vestlandet er suverent på topp på lista over dei mest utsette riks- og fylkesvegstrekningane i landet. Smale krøterstiar der det jamnleg går ras ville ikkje blitt godteke andre stader i landet.

Ei kartlegging viser at over halvparten av alle strekningar som er definerte med middels eller høg fare i landet, finn ein langs vegane våre. Og 42 av dei 50 verste strekningane i landet er vegar der vi vestlendingar er nøydde til å køyre kvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skulle tru det var nok til at Samferdsledepartementet ville trø til og sikre desse vestlandsvegane, gi dei høgste prioritet. Men nei: Av løyvingane til fylkesvegar i 2019 går berre drygt ein tredel av midla på budsjettet hit, 78 millionar til Hordaland og om lag 200 millionar til Sogn og Fjordane.

Når det gjeld riksvegar, er situasjonen litt betre, men det er langt frå nok. Om lag 20 milliardar kroner må til for å sikre vestlandsvegane mot ras. Det kan høyrest mykje ut, men er langt mindre enn kostnadene til Hordfast med firefelts veg mellom Stord og Os med bru over Bjørnefjorden.

Brua åleine koster nesten like mykje som all naudsynt rassikring på Vestlandet. Prestisjebrua er altså viktigare for fleirtalet av politikarane enn omsynet til liv og helse for dei som må ta til takke med dei forsømde vestlandsvegane.

Gode, rassikra vegar er ikkje berre viktig for å gi innbyggjarane tryggleik i kvardagen. Det er i høgste grad også god distriktspolitikk. Kven vil etablere nye arbeidsplassar i område der det heile tida er usikkert om det er mogleg å frakte varer til og frå?

MIljøpartiet Dei Grøne går i mot planane om firefeltsveg og monsterbru over Bjørnefjorden. Vi vil heller bruke pengar på å sikre vegane som er viktige i kvardagen for vestlendingane.

Hittil har det vore nye, store prestisjeprosjekt som gjeld når veljarar skal lokkast til valurnene. Vi må snu haldninga: Vi vil ikkje ha politikarar som heller vil bruke milliardar på ei monsterbru over Bjørnefjorden enn å gi rasutsette vestlendingar trygge vegar.

Vi må seie tydelegare i frå, vestlendingar!

Mona Høgli

4. kandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne

Vestland