I flg statistikken har faktisk Ap vore meir på Ja-sida i PBU enn administrasjonen sjølv, og då fell vel litt av poenget med Nei-partiet Ap bort
I flg statistikken har faktisk Ap vore meir på Ja-sida i PBU enn administrasjonen sjølv, og då fell vel litt av poenget med Nei-partiet Ap bort

Lesarbrev: Interessant, men ikkje uventa statistikk frå Frp

Heilt på tampen av valkampen harselerer FrP sine medlemmer i Plan- og bygningsutvalet (PBU), Gustav Bahus, Espen Aspenes og Ove Frotvedt, med at Ap er eit NEI-parti i areal- og utbyggingssaker.

Frp skriv bl.a: Den faktiske stemmegivningen i PBU, underbygger at Ap er et NEI parti i areal- og utbyggingssaker.

Statistikk kan nyttast til mykje, og i dette høve syner statistikken at Ap til dømes er meir liberal i utbyggingssaker enn administrasjonen sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med Frp og Høgre i fleirtal i PBU skulle det berre mangla at ikkje Frp/H seier ja i fleire areal- og utbyggingssaker enn til dømes Ap og resten av mindretalet i PBU. Frp har programfesta ei ja-haldning i areal- og frådelingssaker sjølv om det i utgangspunktet kan vera i mot kommunale og nasjonale retningslinjer. Frp har nærast styrt PBU med sin overdrivne Ja-politikk, og med Høgre som støttespelar.

Interessant statistikk

I inneverande periode har administrasjonen, i flg Frp, hatt positiv innstilling i 67% av 460 saker, altså i 308 saker. I dei resterande 152 sakene (33%) har administrasjonen hatt negativ innstilling.

Av dei 152 sakene skal Frp ha bidratt til at 78 (17%) saker i tillegg fekk eit positivt resultat. Dette er altså ca halvparten av dei sakene administrasjonen i Os kommune sa nei til.

I flg Frp, skal opposisjonen med bl.a. Ap, ha stemt nei til 26-31% av 460 saker, altså ca 127 saker. Dette er mindre enn dei 152 som administrasjonen har sagt nei til. Det kan tyda på at Ap har sagt ja til bortimot 30 areal- og utbyggingssaker som administrasjonen har sagt nei til i denne perioden. Å kalla Ap for eit Nei-parti i areal- og utbyggingssaker er vel å ta litt hardt i.

Statistikken til Frp er interessant nok, og kan nyttast til så mangt. I innlegget til Frp-troikaen i PBU står det til dømes ingenting om Ap har stemt nei i dei same sakene der administrasjonen også har hatt negativ innstilling. Truleg har Ap-medlemmene i PBU følgd administrasjonen si innstilling i mange av sakene, både når dei har stemt nei, og når dei har stemt ja. i flg statistikken har faktisk Ap vore meir på Ja-sida i PBU enn administrasjonen sjølv, og då fell vel litt av poenget med Nei-partiet AP bort.

Ansvarlege politikarar

Statistikken syner at opposisjonen med bl.a Ap-politikarane er ansvarlege politikarar, som har stemt nei når det er heilt opplagt at overordna mynde, som til dømes fylkesmannen, likevel kjem til å stoppa saka. Naustsaka på Skeie på siste PBU-møtet før valet syner at Høgre er lett å overtala, slik at det blir 5-4 i Frp/H fin favør også i denne saka. Det ikkje er ikkje tvil om at Frp har vore eit JA-parti i areal- og utbyggingssaker, men det har også hatt ein høg pris.

Frp-politikarane i PBU freistar å stempla hovudmotstandaren Ap som eit NEI-parti fordi partiet fører ein meir ansvarleg areal- og utbyggingspolitikk enn dei sjølve. Eg trur dei fleste skjønar at dette er eit forsøk på å kapre nokre ekstra stemmer heilt på tampen av valkampen.

Tore Moberg