Eg er uroa for ukulturen som over tid har fått utvikle seg i kommunen. Det er langt på overtid at vi tek fatt i dette problemet skikkeleg slik at vi kan bygge ein betre arbeidskultur i Bjørnafjorden kommune.
Eg er uroa for ukulturen som over tid har fått utvikle seg i kommunen. Det er langt på overtid at vi tek fatt i dette problemet skikkeleg slik at vi kan bygge ein betre arbeidskultur i Bjørnafjorden kommune.

Lesarbrev: Kan Søviknes, Bruarøy og Bahus heve seg over grunnlova?

Lojalitetsplikt trumfar ikkje grunnlova. Dei tilsette i Os kommune skal ha like stor ytringsfridom som alle andre.

Eg er uroa for ukulturen som over tid har fått utvikle seg i kommunen. Det er langt på overtid at vi tek fatt i dette problemet skikkeleg slik at vi kan bygge ein betre arbeidskultur i Bjørnafjorden kommune.

Etter at egdokumenterte maktmisbruk og usanningar frå Gustav Bahus og Terje Søviknes har mange innbyggarar og tilsette i kommunen tatt kontakt med meg. Dei er glade for at nokon no endeleg seier ifra høgt og tydeleg. Det er ikkje noko nytt at arbeidstilhøva ved rådhuset er vanskelege, og Marie Bruarøy og Terje Søviknes harendeleg vedgått at dette har foregått så lenge dei har hatt politisk makt i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir rapportert at tilsette vegrar seg for å like “feil” innlegg på Facebook, og dei tør ikkje kommentere eller dele “feil” innhald. Av alle som har tatt kontakt med meg er det ingen som ønsker å stå fram i frykt for at det skal få konsekvensar for dei på arbeidsplassen. Dei veit om tilfelle der dette har skjedd.

Kommunalsjefen som sa opp ved påske, er ikkje den einaste som har gått frå kommuneadministrasjonen under uklåre omstende. Tilsette, også leiarar, fortel om ei sterk lojalitetsplikt, eit etisk regelverk som blir brukt til å hindre tilsette i å uttale seg på egne vegne, og fleire tilfelle av munnkorg.

Då er det på tide å minne dei ansvarlege folkevalde om grunnlova.Kongeriket Noregs grunnlov § 100 startar med eit kort og tydeleg avsnitt: “Ytringsfridom skal det vere”.

Den anerkjende advokatenJon Wessel-Aas har skrive grundig om offentleg tilsette sin ytringsfridom og han presiserer at grunnlova sin §100 gjeld for alle norske statsborgarar - også dei som måtte vere tilsett i norske kommunar. Han viser til at offentleg tilsette har vidt spelerom i form og innhald til å ytre seg offentleg om si eiga meining, inkludert eige arbeidsområde og eigen arbeidsplass.

Interessant nok viser han til instruks om lojalitet og plikt til framsnakking som eksempel på grovt feilaktige overtramp - nøyaktig slikt som står i det tidlegare omtalte brevet frå Frp/H sine representantar til rådmannen.

Når det gjeld saker som maktmisbruk, rolleblanding og utilbørleg press på tilsette i kommunen, så kan ingen lojalitetsplikt trumfe grunnlova i ytringsfridom.

Terje Søviknes har vore ordførar i fleire år enn mange har vore tilsett på rådhuset, og på hans vakt har det utvikla seg ein alvorleg og erkjent ukultur i kommunen.

Dette må ta slutt!

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne