Trine Lindborg og Harald Døsen kjem med tilsvar på Terje Søviknes (09.05.19) og Marie Bruarøy (11.05.19) sine siste uttalar i Os og Fusaposten angåande PBU.
Trine Lindborg og Harald Døsen kjem med tilsvar på Terje Søviknes (09.05.19) og Marie Bruarøy (11.05.19) sine siste uttalar i Os og Fusaposten angåande PBU.

Lesarbrev: Når blei det å vera sterk, klar og tydeleg noko negativt?

– Det går ei grense for kor mykje ein tilsett kan,- og skal tola både av ufine bemerkingar, hint om manglande fagleg kompetanse blant dei tilsette i byggesak og på planavdelinga, og ikkje minst om sin eigen integritet over lang tid, skriv Harald Døsen og Trine Lindborg, Arbeidarpartiet.

Søviknes seier til avisa 9.mai:«Det er ni sterke personlegdomar i utvalet, men det er sjølvsagt utvalsleiar som har mest ansvar for å halda tonen i møta formell»

Når blei det å vera sterk, klar og tydeleg noko negativt Terje Søviknes? Når ein argumenterer for eit anna politisk syn i arealpolitikken enn Frp og Høgre? Eller når ein ikkje finn seg i tullpreik, karakteristikkar av sambygdingar og slengbemerkingar lenger,- eller når ein faktisk tek til motmæle mot det?

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruarøy seier til avisa 11.mai:Varaordføraren vedgår likevel at ordbruken i det omtalte interne notatet frå posisjonen i PBU inneheld sterk ordbruk.«– Ser ein notatet berre setning for setning, er ordlyden krass og uheldig.

Er ikkje eit notat/brev summen av setningar, eller meiner Bruarøy at Os og Fusaposten har feilsitert innhaldet i brevet og at Høgre sine representantar no plutseleg ikkje står inne for det dei har vore med på?

Bruarøy seier også til avisa 11.mai:«Ein må sjå på situasjonen, og summera opp korleis eit samla PBU oppfatta det som skjedde i møtet».

Trine Lindborg og Harald Døsen viser til sak 87 frå møtet i PBU juni 2018. Saka er unnateke offentleg innsyn, heiter det.
Trine Lindborg og Harald Døsen viser til sak 87 frå møtet i PBU juni 2018. Saka er unnateke offentleg innsyn, heiter det.

Faktaopplysning: korkje Arbeidarpartiet, Krf eller TVS har signert dette notatet/brevet. Vi har heller ikkje forfatta og sendt inn noko eige brev. No må faktisk Høgre sine representantar ta ansvar,- og stå for det dei har vore med å utforma og signert på!

Både Terje Søviknes og Marie Bruarøy har i sine uttalar til Os og Fusaposten 9.mai og 11.mai vist til at eit samla PBU fatta eit vedtak om at AU (Arbeidsutvalget, beståande av Gustav Bahus Frp, May Brit Haringstad H og Harald Døsen Ap) skulle ta opp med rådmannen at kommunalsjef Tjosås forlet PBU møtet 21.06.18 før møteslutt.

Søviknes seier:«Slik eg er blitt det formidla, reagerte både opposisjonen og posisjonen på at Tjosås valde å forlata møtet. Det blei vedteke samrøystes at arbeidsutvalet i PBU skulle ta dette opp med rådmannen, som ikkje var til stades i møtet.»

Bruarøy seier:«Alle var skaka og oppfatta det som skjedde som dramatisk. Eit samla PBU gjorde vedtak i møtet om at dette skulle ein ta opp med rådmannen.

Terje Søviknes og Marie Bruarøy: kordan kan de som øvste politiske leiing i Os kommune gå ut med desse opplysningane i full offentlegheit til pressa når møteprotokoll frå møtet 21.06.18 syner at i sak 87/2018 er vedtaket unnateke offentlegheit!

Artikkelen held fram under annonsen.

Som kommentar til Terje Søviknes sine «angrep» på Ap si kunnskapsløyse så gjentek vi berre ein gong til at ein forventar at ordføraren tek grep som til dømes å fremja nyval til PBU,- når han får klare innspel og bevis på at utvalet ikkje fungerer slik det skal. Om Søviknes eller Bruarøy i sin periode har vore usikre på om dei ville fått fleirtal i posisjonen for eit slikt framlegg til kommunestyret, så kan vi forsikra dei at Arbeidarpartiet sine 7 representantar i Os kommunestyre heilt klart ville støtta eit slikt framlegg!

Til slutt vil vi som Ap sine faste representantar i PBU siste periode be om at møtet 21.06.18 ikkje er det som får all merksemd i denne saka. Vi skjønar at posisjonen no gjerne vil at saka skal handla om ei enkelståande hending i eit møte kor kommunalsjef valde å forlata rommet før møteslutt. Vi reknar med at det sikkert skulle vært ugjort, men det går ei grense for kor mykje ein tilsett kan,- og skal tola både av ufine bemerkingar, hint om manglande fagleg kompetanse blant dei tilsette i byggesak og på planavdelinga,- og ikkje minst om sin eigen integritet over lang tid.

Harald Døsen og Trine Lindborg, Arbeidarpartiet

* 25. april sende kommunen ut pressemelding om at kommunalsjef Aina Tjosås har sagt opp. Grunngjevinga er «det krevjande spennet mellom lokalpolitiske forventingar, statlege føringar og fagleg integritet».

* Etter oppseiinga til kommunalsjefen fortalde tilsette på plan og bygg om «stort arbeidspress, sjukemeldingar og dårleg samhandling med politikarane over lengre tid».

* Dåverande ordførar Marie Bruarøy stadfestar at ho måtte ta tak i arbeidsmiljøet i PBU.

* Utvalsleiar Gustav Bahus meinte det ikkje har vore noko å utsetja på miljøet i utvalet.

* Ap etterlyste grep frå ordføraren etter sakene om situasjonen i PBU/plan og bygg. Terje Søviknes avviste kritikken og uttalte at han ikkje har funne grunn til å gå inn og endra mannskapet i PBU.

* Eit internt notat sendt i juni 2018 frå Frp/H-representantar i PBU til rådmannen, fortel om tynnslitt og nedbrutt tillit til administrasjonleiing.

* Det interne notat vart forfatta etter ei hending i eit PBU-møte i juni i fjor, som enda med at plansjef og kommunalsjef forlot møtet før det var ferdig.

* Jusprofessor meiner saka i det interne notatet skulle vore teke opp i kommunestyret først og ikkje unnateke ålmenta.

* Kommuneadvokaten meiner dette notatet skal vera unnateke ålmenta.

* Hovudverneombod og/eller hovudtillitsvald har vore i PBU-møta sidan juni i fjor. Rådmannen har også vore med på mange av dei «for å verna om dei tilsette»og som ein konsekvens av junimøtet i fjor.