Ein skulle tru veljarane – også i Os – set truverdet til politikarane høgt. Slik ser det ikkje ut til å vera.
Ein skulle tru veljarane – også i Os – set truverdet til politikarane høgt. Slik ser det ikkje ut til å vera.

Lesarbrev: `Store ord og fett flesk set seg ikkje fast i halsen´

Det er valtid og dei som kjempar om taburettane strør om seg med lovnader til undersåttane – slik det alltid er og har vore – like tilbake til antikken. Eller kanskje det var betre før, då blei det ofte delt ut myntar og gods, der og då, for å få veljarane sin gunst.

No for tida er det lett å kjenna seg lurt. Til dømes vart det heilt stille rundt «Ishall på Søfteland» som ved sist kommuneval var ei av dei store sakene til det berande partiet i Os dei siste 20 åra, sjølv om dei etter valet sat med reint fleirtal saman med skuggen sin – Høgre. Det var nok valflesk – og difor kanskje berre ei halv løgn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skulle tru veljarane – også i Os – set truverdet til politikarane høgt. Slik ser det ikkje ut til å vera. Kan berre minna om at både sitjande ordførar og varaordførar var ut i media og garanterte at bru over Bjørnafjorden ALDRI skulle i land i Øyane – varaordføraren skulle sogar lenkja seg fast på skjera der om nokon prøvde ei slik løysing. No er dette einaste alternativet og begge to støttar likevel midtre trasé.

Men det kan sjå ut som om ein av dei har lært noko i høve til det å vera for konkret med lovnadane. No er det «Ja-haldning» og «Handlekraft» for både Bjørnafjorden kommune og Vestland fylke som gjeld. Positive uttrykk, men kan ikkje det også vera å seia «Nei» til styring – og kvifor vel vi politikarar?

Når det gjeld arealpolitikken har det siste året vist oss kva dette kan føra til i Os. At også einskildpersonar viser til at dei har personlege avtaler med ordførar (som styrer fleirtalet i dei kommunale råd og utval) i arealsaker, lovar dårleg for gode fellesskapsløysingar.

Handlekraft kan ein god skryta på seg, men kva vert resultatet for fellesskapet – meg og deg?

Det er nok tid for å sleppa til ny kostar som kan visa handlekraft - på fellesskapet sine vegner.

Godt val!

Sveinung Stensletten

Søfteland

Listekandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Venstre