Brann: Det er ikkje meld om skadde eller sakna personar. (Illustrasjonsfoto)

– Løa er meir eller mindre nedbrunne

Politiet fekk i natt inn melding om brann.

Kl 04.21 blei det meldt om brann i ei løe i Hålandsdalen. Det var ei stund fare for spreiing til nærliggjande hus.

Vel ein time etter var brannvesenet i gang med sløkking, og meldte at løa er meir eller mindre nedbrunne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudfokus har vore å hindra spreiing til nærliggjande bygningar.

Det er ikkje meld om skadde eller sakna personar.

Det skal ha vore naboar som varsla brannvesenet. Dei som bur i huset og eig løa skal ikkje ha vore heime. Det skal heller ikkje ha vore dyr i løa. Det opplyser operasjonsleiaren i Vest politidistrikt til BA.