Endra ordlyd: Torsdag kunngjorde helseminister Bent Høie at regjeringen forbyr opphald på hytter utanfor din egen hjemkommune. Fredag er ordlyden i forbodet endra, ifølge Rett24.

Lov å dra på hytta likevel, men ikkje overnatta

Ordlyden i lovteksten skal ha blitt endra torsdag kveld.

Det skriv Rett24.

Torsdag kunngjorde helseminister Bent Høie at regjeringen forbyr opphald på hytter utanfor din egen hjemkommune. Fredag er ordlyden i forbodet endra, ifølgje Rett24.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Regjeringa forbyr opphald på hytte utanfor heimkommunen

No er det forbode å overnatta på hytter utanfor heimkommunen, men det er lov å opphalda seg der.

– Endringa i ordlyden medfører at forbodet no reint praktisk er mogleg å handheva. Den forrige ordlyden, om å «ta opphald», var i praksis ubrukeleg som regulering. No spelar det inga rolle kven som eig hytta, eller om ein flyttar seg rundt, forbodet er knytt til overnatting på eiendommen, seier advokat John Christian Elden til nettstaden.

Slik er den nye ordlyden:

«Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»