Avtroppande lensmann Lorentz Lunde, fortel at politireforma ikkje vil føra til store endringar for publikum.
Avtroppande lensmann Lorentz Lunde, fortel at politireforma ikkje vil føra til store endringar for publikum.

Lovar få endringar for publikum

Torsdag blir politireforma effektuert ute i distrikta. Hovudsakleg er det ei intern omorganisering, men reforma kan også få litt å seia for publikum.

– Enn så lenge gjeld dei same vaktordningane, dei same telefonnummera, det same tilbodet og bemanninga på kontoret vil vera lik. Publikum skal ikkje merka mykje til dette, seier avtroppande lensmann i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt, Lorentz Lunde.

Frå i morgon 1. mars, er det Terje Sperrevik som er lensmann for det som då blir Kvam, Samnanger, Tysnes og Fusa lensmannsdistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentralisering

Lunde fortel vidare at hovudpoenget med politireforma er at dei skal jobba smartare og vera meir digitale enn tidlegare.

– Arbeidsmåtane vil ikkje endra seg stort, men hjelpemidla er heilt annleis enn tidlegare, seier han og held fram:

– Det er visse element av sentralisering. Operasjonssentralen var tidlegare lokalisert i Florø og i Bergen, men no er det berre operasjonssentral i Bergen. Det blir kanskje litt rusk i maskineriet i starten. Ein må mellom anna ha nok telefonliner inn til sentralen. Dette kjem seg etter kvart og vil nok falla på plass utover våren, seier Lunde.